fredag 30. juli 2010

Topptur - vinjerock

Vinerock er ein rockefestival som føregår ved Jotunheimens forgård her i Vang. Dette er på ein måte "hjartebarnet" til alle vangsjeldningar og dei fleste bidreg på ein eller anna måte. Mitt bidrag i dei fem åra festivalen har halde på, har vøre å vera festivalfotograf. 

I år vart eg sendt ut for å dekke to toppturar, Uranostind (2157 moh) og Austre Torfinnstind (2119 moh), som er nokre av aktivitetane ein kan få med seg på Vinjerock.

Uranostinden var desverre avbrote undervegs, hovudsakleg på grunn av tåke, men trur dei fleste turdeltakarane var såpass blaute at det i grunn var ei grei avgjerdsle. For når fjellføraren vart usikker på kvar me var hen oppå breen, var det like greit å snu.

Stemningsrapporten frå breen rett før me snudde

Turen til Austre Torfinnstind gjekk derimot i mykje betre vér og toppen vart nådd!! Dette var ein forholdsvis luftig tur med mykje klyving/klatring og der lårmusklaturen verkeleg fekk køyrt seg! Turen byrjar på 1060 moh ved fjellvatnet bygdin og går nestne 1100 høgdemeter rett opp til toppen. Ein vinn høgde meter forholdsvis fort når det er så bratt - men mjølkesyra var ikkje langt unna, verken på tur opp eller ned. 


Klyving forbi eit kritisk punkt ganske tidleg i renna me forflytta oss opp over i.

Når ein går opp ei renne med mykje laus stein og forflytninga tiltider skjer ved klyving/lausklatring på små hyller kan det til tider bli svært krevjande å vera fotograf med innslag av høgdeskrekk... Men eg fekk no høkla meg både opp og ned, og det var ein kjempeflott topp med solid utsikt! 




Her gjeld det å halde tunga rett i munnen når ein går/kryp oppover.


Fornøyd gjeng på toppen!

tirsdag 13. juli 2010

Tilbake frå feltarbeid

No har eg endelig ferie etter tre veker i felt på vegetasjonskartlegging i Nord-Østerdalen. Det har ikkji vorte mykje oppdateringar, men mykje bilete. Meir hadde det nok vorte om eg hadde prioritert å bære med meg fotoutstyret kvar dag. Men når ein skal vera ute å gå 10 - 12 timar om, er det fort å nedprioritera fotoutstyret, til fordel for ein lettare ryggsekk. Men har uansett fått mange gode opplevingar å sjå tilbake på. Med alt i frå funn av ulvekadaver til funn av den vesle planta dvergtettegras.. Kveldens bilete er frå ei av dei artigaste opplevingane i løpet av denne tre-vekers perioda - sjølv om det eigentleg starta med at eg nok ein gong hadde uflaks

Dette føregjekk ein søndagskveld, og kvelden i førvegen hadde eg vore på seterfest i Vingelen. Som i alle festlege lag var det nok av både god mat og godt drikke som vart sett pris på til lang utpå morgonkvisten. Med søndagen som ein av tidenes (etter mitt skjønn) varmaste og lengste dagar såg eg verkeleg fram til å koma tilbake til setra me budde på opp i Høstdalen (Alvdal)  for å få slappa av og prøvd å restituere meg til nok ei veke med kartlegging. 
Når kveldingen så kom, og eg hadde tøffa inn på tunet til setra me budde på låg ikkje nøkkelen på avtalt plass. Typisk! Tenkte eg. Lettere sletin og småirritert ringte eg dei andre karane, som var på tur oppover igjen får Ås, der eg fekk bekrefta av nøkkelen hadde vorte med nedover til Ås før helga.  Men, dei var her om ein tre timers tid... "Flott".

Etter vel 2,5 times venting i bilen, når både pondus og aviser var lest ut og floraen var bladd gjennom nokre gonger, vart eg plutseleg var ei jordugla som flaksa forbi, over jordet, nedanfor bilen der eg sat å kjeda meg. Sannelig var den på jakt, og sirkla rundt på jordet nedanfor meg. Fleirfoldige runder.

Då var det berre for meg å hive meg rundt, finne fram kamerautstyret og parkere bilen i jordekanten og håpe på at ugla skulle kome tilbake frå redet/ungane etter ei vellukka jakt. Og etterkvart kom ugla som bestilt den.
Den sirkla over jordet i framkant av meg, og kom fleire gonger rett over bilen (berre 10m i frå!). Dette var verkeleg moro!! Det er mange, mange år sidan sist eg såg jordugle - og eg hadde heller aldri i mitt liv sett den så godt før! Morro!



Tiltross for at eg var båden segin og trøyt og i tilegg temmleg bitter for at eg måtte sita i bilen å vent, var dette fort gløymt når ugla gjorde sitt inntog rett utanfor bilen. Plutseleg gjekk dette frå å vera ein av dei kjipaste, til ein av dei mest minnerike kveldene på lenge.

søndag 27. juni 2010

Marisko

Blir ei kjapp oppdatering før eg reiser ut på for ei ny veke i felt.
Var ein tur i Rendalen i dag og fotograferte marisko. Ein fasinerande orkide som eg alder hadde sett før.

onsdag 9. juni 2010

Det har no skjedd litt av kvart likevel...

Kveldssong frå Svarttrost

Eg syns blogger som sjeldan blir oppdatert er temmleg kjipe. Og det er vel ein viss fare for at min eigen blogg kan inkluderast i denne kategorien. Og, ja, eg er smertelig klar over at det er alt for lenge sidan eg har oppdatert, og det er ikkje fordi det har skjedd for lite, heller tvert i mot, for det har nemmleg skjedd litt av kvart:

- Eg har levert og forsvart masteroppgåva mi med tittel: "GIS-modellering av potensiell naturleg vegetasjon (PNV): Ein metodestudie frå sentral Sør-Noreg"

- Eg har gjennomført og stått på siste eksamen

- Eg og Elisabeth har vore på tur til Evenstad og Østerdalen

- Eg har vore i konfirmasjon på Toten

- Eg og Elisabeth har vore på kano og fisketur på Hurum

- Eg har vore i Horten å fiska med Sigurd. Temmleg stusslig med fangst men fekk sjå Hortens brattaste bakke og på turen heim; Noregs kortaste ferje tur (Svelvik - Verket).

- Og på mandag byrja eg å jobbe ved Norsk institutt for Skog og landskap

Ikkje rart det har vorte lite blogginnlegg av dette - men har fått ein del bilete som nok vil koma dryssande etter kvart ;)

fredag 28. mai 2010

Godt å klø seg


Er ein liten tur på Evenstad att no før helga. Eg og Tommy tok med oss kvar vår hund og tusla ein tur oppi lia. Biletet syner ein tilfreds Luke som med stor iver klør seg på ryggen i lyngen.


søndag 23. mai 2010

Flytende øyer

Gjennom heile året har eg og Elisabeth fortalt om og skryti av dei flytande øyene på Kjennstjernet til vennene våre. Men stortsett kvar gong følk har vøre på besøk, har øyene løgge i ro langs kanten. Men utpå dagen i går snudde plutseleg vinden og øyene drog i veg over vatnet.

Så til dei som trur me har skrøna, her er beviset:


torsdag 6. mai 2010

Berre 9 dagar att no..


Med ein kvitveis frå lunsjpausa i dag, stadfestar eg at det no berre er 9 dagar til masteroppgåva skal leverast (!). Det kjem til å bli ei hard veke. Men dæven kor gødt det ska bi å få levert!!


Glea me!

tirsdag 27. april 2010

kjapp oppdatering: Orreleik



Dette blir ein kjapp oppdatering frå orreleiken eg var på i natt. Vart ein artig og flott leik i fint morgolys. Fekk ikkji heilt oversikt, men eg vil tru det var 10-12 haner, 2 høner og ein fotograf til på leiken.
(kjem tilbake med litt meir seinare)

Hønene omsverma av haner

torsdag 22. april 2010

Kveldstur ved Kjennstjernet



Tok meg ein snartur ned til vatnet, nedanfor her me bur, rett før solnedgang. For å slappe av litt etter eg hadde forspist meg på grillmat.
Tok med meg 7Den og 500en i tilefelle det skulle passere no fugl - det gjer det som oftast, men på alt anna enn fotohald.

I det sola byrja å bikke nedom skogkanten byrja denne kvinand hoa å symje ut på vatnet, temmleg langt utpå. Men med refleksjonane frå bjørkene i bakgrunnen, vart det  ganske stiligt lell, syns no eg.

tirsdag 13. april 2010

Østensjøvatnet

Kurtiserande kvinand hann

I helga tok eg ein kjapp mørgotur innom Østensjøvatnet i Oslo. Der er det som kjent gode moglegheiter for artsbilete av mange andefuglar, og særleg no som isen framleis låg på delar av vatnet. I tilegg til gode artsbilete kan ein òg få med seg mange artige situasjonar som kan gje spenande bileter om ein vel å arbeid med det - satsar på fleire turar dit.

Stokkand kamp


Nok ein kurtiserande kvinand hann 


Dukkande sothøne


Krikkand hann

tirsdag 30. mars 2010

Klarte jo ikkji å dy meg...

Klarte sjølvsagt ikkje å dy meg. Måtte ta meg ein tur for å sjå etter Lappfiskendene igjen. Heilt sidan fyrste gong eg såg den som ein kvit flekk i teleskopet til fadern på Nørsvinnsfjorden heime i Vang, har dette vore ei av dei finaste endene i mitt syn (særleg hannen). No har eg riktig nok sett verken stellerand eller praktærfugl (anna enn på bilete ), og “ja” det er fine fuglar dette også. Men eg er likevel fascinert av dei enkle og reine nyansane og teikningane på denne fuglen. Sidan dei vanlegvis hekkar i frå Aust-Finnmark og vidare mot Sibir er det litt ekstra stas å få oppleva dei på trekket nordover.


I ettermiddag var eg så heldig å få vera der åleine – og det er alltid best å kunne få fotografera i fred og ro. I den grad det er mogleg med trafikken på Nessetvegen i bakgrunnen. Heldigvis følte eg at eg bildemessigt sett fekk litt meir uttelling, enn tidlegare i dag. Artigt å føle ein får litt uttelling òg, ettersom det ikkje er kvardagskost å få oppleve denne arten.

Lappfiskand

I dag skulle eg eigentleg ein kjapp tur nedom Bunnefjorden, før eg skulle på skula, for å sjå etter eit lappfiskand-par eg hadde høyrdt rykter om at skulle vera der. Og der var dei. Temmleg langt utanfor fotohald. Men eg fekk iallefall sett dei!
Når eg kom, stod dei ein 5-6 andre folk og speida, og dei kunne fortelja at det kunne hende den kom symjande nærare, slik at det vart mogleg å få bilete. Så då var det berre å smørja seg med tålmod å setta seg og vente. 

Og heldigvis kom dei  nærare, fleire gonger! Det var artigt, ettersom det er ein art som ikkje er vanleg å sjå på desse kanta og som eg samtidig alder hadde fotografert før. Sjølv om han kom nærare var det trugt nok hold; bileta er nemmleg take med 7D, 500mm og 1,4x konverter. Veldig takknemmlig for at eg hadde det utstyret i dag!

Vart ikkje rare turen på lesesalen - så det før eg prøve å setta meg ned for å ta igjen no.

fredag 26. mars 2010

Litt meir rådyr


For å få litt variasjon innimellom skrivinga slenger ut eit bilete til av dei tre rådyra som har vøre rundt her i vinter.

onsdag 24. mars 2010

God start på dagen


Dette blir vel litt oppfølging frå forrige innlegg:

Vart var denne vesle rådyrbukken medan eg stod og kokte graut te frukost i dag tidleg. Heiv meg rundt. Og fekk nokre bilete ut soverommsvindauget - og grauten vart ikkji svidd! God start på dagen :)

søndag 21. mars 2010

Trapp-/verandabilete

Elg i soloppgang frå verandaen. Ein morgon stod det fem elgar utanfor sovreoms vindauget. Fire av dei kan skimtast her.

Går mykje i skriving om dagen. Skulle vøl berre mangle ettersom det er under 2 månadar til masteroppgåva skal leverast (!). Det byrjar verkeleg å dra seg til no, og det er nok ikkje fotografering og turar i skogen som kan prioriterast utover. Her ein morgon var denne krabaten ein tur innom garasjen og henta seg litt glava. Ut i frå det me har sett til han dei siste vekene er det mogleg att han driv å etablerar bustad bak utedoen. Tatt frå trappa i stillongs.

Heldigvis bur me i skogen. Og her opplevast nærleiken til naturen kvar dag. Derfor vil dagens bilete dedikerast til korleis eg stortsett opplevar naturen om dagen. Samtlege bilete er take frå trappa, verandaen eller vindauge her me bur. 



Ein morgon var det rart korleis det "hamra" inne i sikringsboksen. Lurte fælt på kva som kunne vera gale. Heldigvis var det berre flaggspetten som sat å hamra på stolpen med ledninga som gjekk til huset. Biletet er take gjennom kjøkkenvindauget over ei skål havregraut.

Gjennom heile vinteren har fyrst fire, så tre, rådyr vore fast innslag på isen kveld og/eller morgon. Plutseleg kom dei tuslande i strålande sol ein søndagsføremiddag og eg fekk eit par bilete frå skrivebordet.


To tvillingkalvar fotografert i underbuksa frå soverommsvindauget.

Dette er enkle og kvardagslege natturopplevingar som er langt i frå sensasjonelle eller spektakulære. Men med forkjærleik for natur og stor interrese for  det som befinn seg utanfor dørstokken tek ein sjølvsagt med seg det ein kan av naturopplevingar av alle slag. Uansett gjev det minner ein kan ta med seg og tenkje tilbake på.
Og eg reknar med at det er vel kanskje fleire som har det slik? :)

mandag 15. februar 2010

Den sterkastes rett

Litt inspirert av dette innlegget til Ronny Solheim  kom eg på at eg var ute for ein liknande oppleving for ein del årsidan (det var vel siste året på vidaregåande om eg ikkji hugsar heilt feil). Dessverre hadde eg berre med meg ein liten ixus med 4 megapixel (bildekvaliteten er dermed ikkji stort å skryte av).

Det  var ein kald føremiddag mot slutten februar og eg var på tur heim frå samvirkelaget nori Vang. På tur oppover Heensgardane vart eg merksam på ein annsamling av 30-40 kråkefugl i det gamle opsetreet ved ei innkøyrsel. Eg tenkte umiddelbart ikkje meir over det, ettersom det er revfarm i nærleiken, og det er vanleg med kråkefugl i området.

I det eg nærmar meg blir eg legg eg merke til at det er noko mørkt noko som tumlar rundt i  innkøyrsla under ospetreet. Det fyrste som slår meg er at det må vera ei skadd kråke eller skjære. Det var ikkje langt frå sanninga. Ettersom eg nærmar meg, skjønar eg mindre og mindre av kva eg ser. Eg ser at det er noko mørkt, antaklegvis ein fugl, som tumlar rundt ved den eine portstolpen. Plutseleg går det opp for meg; det er ikkje ein fugl – det er to! Den andre litt større, klart lysare og spraglete. Sjølvsagt. Med eit går det opp for meg: Det er ein hønsehauk som trælar med å overmanne ei kråke.


Hønsehauken, som er ein ung hannfugl, ser ut til å vera ein uerfaren jegar. I kombinasjon med kråkas overlevingsinnstinkt blir det ingen lett match for hauken – som i realiteten har oddsen på si side.
Kamphanane tumlar fleire rundar rundt i innkøyrsla før dei endar utfor vegen, og ned ein bratt skråning  i eit skogholt. På dette tidspunktet forsvinn kamphanane ut av synet.Eg blir nysgjerrig på korleis dette går. Eg får ratta bilen rundt, og trillar nedover vegen att for å få sjå korleis det går nedi skogholtet.


Der ser eg ingenting. Forundringa blir stor. Det tok ikkje  lenger tid å snu bilen enn at dei framleis burde vera i nærleiken. Nysgjerrigheita blir større. Eg bestemmer meg for å liste meg ut av bilen for å sjå om eg kan få betre oversikt. I det eg trår ut av bilen skimtar eg ein stor skygge som lettar inne i skogen. “Men i h…...”, tenkjer eg. I det eg blir klar over storleiken. Det der var ingen hauk! Det der var jo ei kongeørn.

Med eit ser eg det. Det ligg på bakken frå staden ørna letta i frå. Det er hauken – den er død. Og eg ser ingen teikn til kråka. Det tyder på at ørna har tatt livet av hauken, og fått med seg kråka som eigentleg skulle bli haukemat.


Dette var eit klart døme på at prinsippet om den sterkastes rett er rådande i naturen.

søndag 14. februar 2010

Sidensvans


I dag slo ein liten sidensvansflokk seg ned like ved verandaen. Rakk så vidt å få eit bilete av ein av dei.

fredag 12. februar 2010

Skogens konge, eller?


Fekk eit møte med skogens konge på tur heim frå skula på fredag. Dette er nok fyrste gongen eg har vore så heldig å få sett eit eksemplar som har gevir kunn på eine sida. Veit riktig nok ikkje om den då kan tittelera seg som skogens konge? Kan hende den blir degradert til skogens hoffnarr?
 

 

tirsdag 9. februar 2010

Super søndag

Blåmeis i flukt

I finveret som var på søndag innvia eg meg sjølv ein 100% skulefri dag! Dette er nok fyrste dagen sidan jula eg verken har gjort, lese eller tenkt skule. Hærle! Dermed vart store delar av dagen nytta til fotografering og for å bli kjent med den nye 7Den!

Ettersom eg må på juss forelesing om 15 min og er litt på hæla for augeblikket for eg satse på at bileta talar for seg sjølv.

Ein ting er klart. Eg må verkeleg prøve å unne meg 100% skulefrie dagar sjølv om masterinnleveringa nærmar seg med stormskritt..

fredag 29. januar 2010

Evenstad og masterjobbing

Soloppgang frå Evenstadsætra

Har vore oppeatt på Evenstad ei vekes tid no og jobbe med masteroppgåva mi medan Elisabeth har vore på oppsynskurs. Har vorte litt tid til å fotografera innimellom masterjobbinga. Og har allereie innsett no at eg har ikkji stort meir enn tida og vegen fram til innlevering 15. mai.  

Ellers har det vorte litt nytt utstyr den siste tida då!! Har fått i hus ein brukt 500 mm med fast blendar 4 og stabilisator. Ei skikkelig "gromlinse".  Har bytta ut 50Den med ein ny 7D, håpar verkeleg eg klarar å prioritera litt fotografering innimellom skrivinga utover våren. 


Granskog nedanfor Rognvorda.