mandag 15. februar 2010

Den sterkastes rett

Litt inspirert av dette innlegget til Ronny Solheim  kom eg på at eg var ute for ein liknande oppleving for ein del årsidan (det var vel siste året på vidaregåande om eg ikkji hugsar heilt feil). Dessverre hadde eg berre med meg ein liten ixus med 4 megapixel (bildekvaliteten er dermed ikkji stort å skryte av).

Det  var ein kald føremiddag mot slutten februar og eg var på tur heim frå samvirkelaget nori Vang. På tur oppover Heensgardane vart eg merksam på ein annsamling av 30-40 kråkefugl i det gamle opsetreet ved ei innkøyrsel. Eg tenkte umiddelbart ikkje meir over det, ettersom det er revfarm i nærleiken, og det er vanleg med kråkefugl i området.

I det eg nærmar meg blir eg legg eg merke til at det er noko mørkt noko som tumlar rundt i  innkøyrsla under ospetreet. Det fyrste som slår meg er at det må vera ei skadd kråke eller skjære. Det var ikkje langt frå sanninga. Ettersom eg nærmar meg, skjønar eg mindre og mindre av kva eg ser. Eg ser at det er noko mørkt, antaklegvis ein fugl, som tumlar rundt ved den eine portstolpen. Plutseleg går det opp for meg; det er ikkje ein fugl – det er to! Den andre litt større, klart lysare og spraglete. Sjølvsagt. Med eit går det opp for meg: Det er ein hønsehauk som trælar med å overmanne ei kråke.


Hønsehauken, som er ein ung hannfugl, ser ut til å vera ein uerfaren jegar. I kombinasjon med kråkas overlevingsinnstinkt blir det ingen lett match for hauken – som i realiteten har oddsen på si side.
Kamphanane tumlar fleire rundar rundt i innkøyrsla før dei endar utfor vegen, og ned ein bratt skråning  i eit skogholt. På dette tidspunktet forsvinn kamphanane ut av synet.Eg blir nysgjerrig på korleis dette går. Eg får ratta bilen rundt, og trillar nedover vegen att for å få sjå korleis det går nedi skogholtet.


Der ser eg ingenting. Forundringa blir stor. Det tok ikkje  lenger tid å snu bilen enn at dei framleis burde vera i nærleiken. Nysgjerrigheita blir større. Eg bestemmer meg for å liste meg ut av bilen for å sjå om eg kan få betre oversikt. I det eg trår ut av bilen skimtar eg ein stor skygge som lettar inne i skogen. “Men i h…...”, tenkjer eg. I det eg blir klar over storleiken. Det der var ingen hauk! Det der var jo ei kongeørn.

Med eit ser eg det. Det ligg på bakken frå staden ørna letta i frå. Det er hauken – den er død. Og eg ser ingen teikn til kråka. Det tyder på at ørna har tatt livet av hauken, og fått med seg kråka som eigentleg skulle bli haukemat.


Dette var eit klart døme på at prinsippet om den sterkastes rett er rådande i naturen.

4 kommentarer:

  1. Hei! Ingen grunn til å beklage bildekvaliteten- redningen er å ha et lite og kjapt kamera som kan ligge klart i lomma! Takk for ei utrulig og velillustrert historie :)

    SvarSlett
  2. Fantastisk historie Lars. Selv om man nesten er på toppen av pyramiden så er det noen som er høyere oppe.Godt fanga. Ole Martin

    SvarSlett
  3. Litt av ei historie og opplevelse :-D
    Ikkje kvardagskost å få oppleve dette!

    SvarSlett
  4. Hei sjef.

    Denne historia like e grepa gødt! :)

    Har du fleire på lager?

    Mvh.
    Syltevik

    SvarSlett