onsdag 27. mai 2009

Vår II

Vil fortsette frå der eg slapp i går med å vise fram nokre  intrykk frå i vår. I kveld legger er ved nokre svart-kvit bilete. 



Ein varm vårkveld var eg i skogen nede ved Årungen for å høyre på fuglesangen i Syverudskogen. Etter turen i skogen gjekk eg nedom vasskanten på Årungen for å sjå på solnedgangen. Rett før sola forsvann ned bak åskammen vart eg var plaskelydar litt bortanfor meg. Det viste seg å vera ei makrellterne som jakta småfisk like inne ved land. Den var ingen dødseffektiv jegar, og trengte nokre forsøk før den fekk fangsten. Dette gav meg moglegheita for å koma meg nærare og forsøke å få bilete. 



Dette er frå same kvelden som makrellterna over. Her har sola akkurat gått ned og lys-refleksjonane i vatnet er på tur til å forsvinne. Eg har ikkje stort å seia om biletet, men eg er veldig glad i svart-kvit bilete med store kontrastar, tilnærma utan nyansar. Samtidig som krusingane i vatnet er med på å mjuke opp kontrastane.



I slutten av forrige veke var Elisabeth og eg ein tur på Tofte for å sjå kvar ho har kome i frå. Dette var fyrste gongen eg har vore på Tofte og eg må innrømme at det var ikkje heilt som venta. Eg har høyrt mykje om staden, både possitivt og negativt. Biletet over gjenspeglar litt av førehandsintrykket eg har fått av plassen. Eit industrisamfunn med den gjennomgåande "Tofte lukta". Biletet syner Hurum papirfabrikk frå Bakkestranda.
Eg kan vel inrømme at dette er eit intrykk eg ikkje sit att med etter å ha besøkt staden. Riktig nok er sjølve "sentrum" prega av industrien, og takka vera god vind frå Oslofjorden kjende eg ingen ting til "Tofte lukta", men eg syns det var ein fin og trivele plass. 



Dette biletet viser Elisabeth og Lano (hunden) frå same Bakkestranda som biletet over, berre sett utover mot Oslofjorden. 



17. mai helga tilbrakte vi på Evenstad i Østerdalen. Etter ein tur oppi Evenstadlia, kom eg bak denne bobbla på tur ned att. Fekk fiska opp kameraet og knipsa nokre biletet medan me dura nedover. 


tilslutt må eg avslutte med eit bilete av det som har prega mesteparten av denne tida, nemmleg lesing. Her er Sigurd og eg på tur te å avslutte lesinga mot eksamen i Regulerings- og miljørett II. Boka han leser er Noregs lovar.

tirsdag 26. mai 2009

Vår

Våren er ei fin tid. Snøen smeltar, været blir varmare, dagane lengre, kveldane lysare og livet i skogen tek seg betraktelig opp. Det er berre så innmari synd at eksamenskøyret byrjar for fullt, og dagane heller må nyttast på lesesalen i staden for å vera ute. I starten av mai fekk eg ein ny 5D mk II i hus, og eg har verka i fingrane etter å koma meg ut å få testa det. Heldigvis har eg klart å prioritera litt og har fått fleire fine turar ut. Ettersom semesteret no er avslutta vil eg visa fram litt av intrykka frå denne tida.




Strutsevinge frå Syverudskogen ved Årungen














 

mandag 25. mai 2009

Snegler

Sneglar er ikkje kjent for å vera dei mest spektakulære skapningane. Dei er ikkje særleg raske, og dei blir ikkje regna for å vera ein stor trugsel mot turgåarar og friluftslivet generelt. Sjølv om det stadig vekk er oppslag i media om dei grufulle mordersneglane er dei likevel berre ein trugsel mot hagar, og hageplantar. Uansett, sneglar er snodige skapningar. På ein tur i området rundt Pollenvannet naturreservat kom eg over mange vinbergsneglar (Helix pomatia). Vinbergsnegle. Foto: Lars Østbye HemsingDet fyrste som slo meg var at dette måtte vera monster sneglar. Eg har aldri i mitt liv sett så svære sneglar før. Riktig nok har grønnsakshagen te muttern jamleg besøk av sneglar, men aldri i nærleiken av desse. Eg vart fascinert. Sneglane kan riktig nok ikkje blir større enn 45 - 45 mm høg, og tilsvarande brei, men eg tykkjer det likevel er relativt stort. Eit kjapt oppslag i Insekter og småkryp i norske skoger fortalde meg samtidig at det var den største norske landlevande sneglen med hus. Altså, det er ein kjempe me har å gjera med!





lørdag 23. mai 2009

Blogg

Jaja, då har eg også kasta meg på blogg-bølgja.  Har surfa ein del rundt på nettet og har vore innom mange interessante og inspirerande bloggar, særleg fotobloggar. Framover kjem eg til å oppdatera med bilete og ulike hendingar.

Startar med å legga ved nokre bilete frå orrfuglleik på Romeriksåsen frå tidlegare i vår.