torsdag 14. april 2011

Østensjøvannet

Kanadagås i farta

Fotografering av andefugl ved Østensjøvatnet i det isen sprekker opp er ein velkjent våraktivitet for fugl- og fotointeresserte. I år, som i fjor, tok eg turen innover til hovudstaden tidleg ein morgon i håp om nokre blinkskot. Med meg på lasset hadde eg ein nederlandsk student, Esgo, som skal arbeid i tre månader på instituttet. Han er veldig fotointeressert, men hadde lite erfaring med fuglefote, dermed tenkte eg at Østensjøvatnet var ein bænkers plass å starta.

Esgo og svanene

Etter å ha konferert med yr.no fann me ut at me sku reise ut torsdagsmorgonen i forrige veke. Då var det nemmleg meldt strålande sol - og det gjev jo som kjent moglegheiter for flotte bilete i strålande morgon lys. Slek gjekk det ikkji. Det la seg til eit temmleg tett skylag i vest, som effektivt forhindra alle forsøk frå sola på å trenge i gjennom. Litt kjipt ettersom eg hadde skrøte "the amazing morning light" høgt opp i skyen. Men Esgo verka uansett tilfreds. Frå før hadde han mest erfaring frå landskaps- og blomsterfotografering, så dette innebar mykje meir action enn han var vant med frå før. Så eg trur det gav meirsmak.

Det viktigaste er ikkji alltid å få resultatet ein ser for seg på førehand, men å koma seg ut og kosa seg med det ein likar å gjera. Ein kjem alltids heim med nokre bilete ein ikkji hadde frå før ;)

Uansett om lyset ved Østensjøvatnet var så om så, så fekk me iallefall oppleva eit fantastisk lys i det sol var på tur opp ved avreise frå Ås.

tirsdag 12. april 2011

Ås-tåka


Dei som har budd og eller oppholdt seg i lengre tid på Ås kjenner til utrykket Ås-tåka. Tåka er ikkji noko meir spesielt enn vanleg tåke, men ved dei rette tilhøva blir den tjukk som graut og kan bli liggjande i dagasvis, i verstefall vekesvis (om ikkji anna så kan det iallefall føles slik). Ein av kara på kontoret meinte at når han hadde fløtt hit på midten av 80-talet hadde det ikkji vore anna enn tåke både vår og haust dei tre fyrste åra han hadde budd her... Eg har riktig nok ikkji opplevd tilsvarande tåke, og det er vel ein viss fare for at han kan ha lagt på litt for kjentfolk. Uansett, tåka er tjukk, til tider forhatt - men likevel så er den både trollsk og stemningsfull.