søndag 8. juli 2012

Laksefiske i Todalen

Med denne overskrifta burde det vel eigentleg vore med bilete av ein solid laks - eller i det minste ein laks. Men desverre er me nok for dårlege laksefiskarar... Det vart ingen laks, eller anna fisk, for den saks skyld, når me var i vegen til opninga av laksefiske i Todalselva, no i midten av juni. Eg og to tidlegare studiekompisar frå UMB, Håkon og Christian, var i vegen for å freiste fiskelukka. Eg er nok ikkji, og kjem vel heller aldri til å verta, den aller ivrigaste fiskaren. Men når ein fyrst får sjansen til å vera med på noko slekt er det no morro å prøve seg. Dessutan har eg ikkje veldig mykje fiskebilete, så det kunne vera fint å fått litt fleire av fdei i arkivet òg.
Så eg skal innrømme at eg hadde vel ikkje heilt trua, på meg sjølv. Håkon og Christian derimot, er ivrige fiskarar - så eg sette min tillit til at ein av dei skulle redde middagen. Men der vart eg skuffa gitt. Heldigvis hadde dei laks på coopen i Surnadal slek at me likevell fekk ein smak av fisken :)
 
Håkon i fullsving med fluestanga.

Christian i fullt fokus ved bredden.


Håkon mista all trua på flogene han hadde med og nytta høvet til å binde seg eit par nye mellom slaga.
s
Resultatet. Namnet hugsar eg ikkje, men denne var vist nok bankers...

Me var sjølvsagt ikkje åleine i elva. Her freistar ein svenske lukka. Dei var i eit fylgje på tre, og ingen av dei hadde helelr fått fisk når me reiste. 

Det var fantastisk vær denne helga. Så Christian holdt humøret oppe sjølv om han berre vart ståande og kaste vekk sluker utover natta.

Takk før ein fin tur gutta!