søndag 21. mars 2010

Trapp-/verandabilete

Elg i soloppgang frå verandaen. Ein morgon stod det fem elgar utanfor sovreoms vindauget. Fire av dei kan skimtast her.

Går mykje i skriving om dagen. Skulle vøl berre mangle ettersom det er under 2 månadar til masteroppgåva skal leverast (!). Det byrjar verkeleg å dra seg til no, og det er nok ikkje fotografering og turar i skogen som kan prioriterast utover. Her ein morgon var denne krabaten ein tur innom garasjen og henta seg litt glava. Ut i frå det me har sett til han dei siste vekene er det mogleg att han driv å etablerar bustad bak utedoen. Tatt frå trappa i stillongs.

Heldigvis bur me i skogen. Og her opplevast nærleiken til naturen kvar dag. Derfor vil dagens bilete dedikerast til korleis eg stortsett opplevar naturen om dagen. Samtlege bilete er take frå trappa, verandaen eller vindauge her me bur. 



Ein morgon var det rart korleis det "hamra" inne i sikringsboksen. Lurte fælt på kva som kunne vera gale. Heldigvis var det berre flaggspetten som sat å hamra på stolpen med ledninga som gjekk til huset. Biletet er take gjennom kjøkkenvindauget over ei skål havregraut.

Gjennom heile vinteren har fyrst fire, så tre, rådyr vore fast innslag på isen kveld og/eller morgon. Plutseleg kom dei tuslande i strålande sol ein søndagsføremiddag og eg fekk eit par bilete frå skrivebordet.


To tvillingkalvar fotografert i underbuksa frå soverommsvindauget.

Dette er enkle og kvardagslege natturopplevingar som er langt i frå sensasjonelle eller spektakulære. Men med forkjærleik for natur og stor interrese for  det som befinn seg utanfor dørstokken tek ein sjølvsagt med seg det ein kan av naturopplevingar av alle slag. Uansett gjev det minner ein kan ta med seg og tenkje tilbake på.
Og eg reknar med at det er vel kanskje fleire som har det slik? :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar