søndag 7. juni 2009

Nattravn

I går kveld/natt fekk eg oppleva nattravn for fyrste gong. Det trur eg er ei naturoppleving ikkje mange har opplevd. Me var oppe på ein tørr furumo i skumringen. Mot ein lokalitet me viste det var observert nattravn på tidlegare. I bakgrunnen høyrde me trostesongen frå granskogen nedanfor, og med jamne mellomrom passert rugdas velkjente silhuett over oss med dei lett gjenkjennelege ”pisp – pisp lydane”. Med eit blir me var lyden; ein overraskande høg, langvarig, og på grensa til irriterande, sirenelikande lyd innimellom dei glisne furuskuggane framfor oss. ”Der har me natteravnen”, blir det kviskra. Etter som me listar uss framover, kjem ” ”errrrrrrurrrrrrrurrrrrrerrrrrrrrrr” lyden nærare. Brått blir det stilt. Me skvetter til av klappelydar nedanfor oss, og blir merksam på to mørke skuggar som seglar forbi oss på lange, smale vingar. Skuggane forsvinn i skumringa. Mitt fryste glimt av nattravnen. På ny høyrer me ”errrrrrrurrrrrrrurrrrrrerrrrrrrrrr”, lenger vekk blant mørke furustammar. 


Me setter oss til å venta ved ei gamal furu, i håp om å få nokre bilete. Det var utruleg kor lenge den kunne halde på med sirenelyden, og ikkje minst intensiteten. Fleire gonger i løpet av den neste timen passerte fuglen over oss i stor fart. Generelt er fugl i flukt vanskeleg å få skarpe bilete av. Nattravn i flukt, i mørket, viste seg å vera tilnærma umogleg. Legger likevel med eit par av bileta frå i går.



1 kommentar: