lørdag 20. juni 2009

Fyldigare oppdatering frå Sverige

Har ikkji skjedd mykje spanande på fotofronten den siste veka. Har vore travelt opptatt med feltkurs i vegetasjosnkartlegging. I tillegg er eg i gang med å fløta ut frå kollektivet eg bur i, samtidig som eg førebur sumarjobb/feltarbeid til masteroppgåva. Det er nok å henge fingrane i.

I førige veke var eg og min far, Thor,  ein tur i Sverige. På grunn av stramt program for begge parter var det berre mogleg å ta turen frå onsdag til torsdag, litt knapt tid i forhold til den lange reisevegen og at ein får mindre moglegheitar for at det skal klaffe bildemessigt. Når været i tillegg var spådd særdeles ustabilt, med stor sannsynlegheit for regn, mykje regn. Førte det til at me tvilte veldigt på om me skulle ta turen enn ikkje. Men etter å ha studert værmeldingane på både yr.no, storm.no og smhi.se (Sveriges Meteorlogiska och Hydrologiska Institut), samteit par telefonsamtaler med vår kjentmann i området onsdagsmorgonen, heiv me uss rundt og dura over te Sverige.

Etter som me kom lengre og lengre innover i Svergie vart skyane berre mørkare og mørkare. Etterkvart som me nærma uss staden me skulle til byrja det å regna også, til slutt ganske kraftigt. På dette punktet var ikkje stemningen i bilen  heilt på topp. Me vurderte faktisk å returnera til Noreg same kvelden, men vart einige om å sjå ann korleis det utvikla seg. Heldigvis roa det verste regnet seg når me kom fram, men det var framleis langt unna ideelt fotolys. Vi russla likevel ut i det svenske kulturlandskapet. Eit kulturlandskap som forøvrigt er innmari fint; mykje spennande både å sjå og ta bilde av - sku gjerne brukt meir tid nedi der.
Me sette uss ned ved eit hestebeite i kanten av ein skogkrull. Reiret til ugla var nemmleg plassert inne i skogkrullen, og me høyrde ungane maste på mat. Etter ei lita tid dukka ugla opp også, og eit nytt kryss i fugleboka var eit faktum. Artigt! Resten av kvelden vart brukt på å fotografera ugla på litt for lave lukkartidar og på litt for høg iso-verdiar. Heldigvis er canons 5d mkII betrakteleg betre på høge iso-verdiar, så det vart likevell nokre bilete frå dene økta som ein ellers ikkji hadde fått.

Lappuglehannen i flukt (1/160 sek, iso 2000).
Dette biletet fortel det meste om stemninga som var onsdagskvelden.

Med lovnader frå vår bekjente om betre vær dagen etterpå vart me verande nattaover. Morgonen etter vart me vekt av eit, om mogleg, endå kraftigera regnvær mot biltaket enn det me hade vore borti dagen før. Så morgonen vart nytta i bilen, og me hadde god tid til ein lengre frukost beståande av kneipbrød og god morgen yoghurt.  Sidan det ikkje virka som regnet hadde tenkt til å gje seg, såg me ikkje noke poeng i å prøve på ugla. I staden humpa me rundt på svenske sølete skogsbilvegar i kulturlandskapet i håp om å sjå, og eventuelt fotografera, noke vilt frå bilen. Det endte med at me fekk bilde av sørhare, rådyrbukk, rådyrkilling med to kalvar, traner, tornirisk og tornskate. Dette var me igrunn nøgd med.

Utover morgonen hente det for ein gongsskuld det som værmeldinga meldte; det lysna opp. Det vart riktigt nok berre 2 minutter med sol i løpet av formiddagen, men no vart det mogleg å fotografera med anstendige lukkertidar og iso-verdiar. I løpet av formiddagen fekk meg fleire moglegheitar både på flukt, landing og vanlege bilete i tre. Dette var verkeleg ei artig oppleving!





For å verkeleg sette krona turen vart me tipsa om ein isfugl lokalitet, der det skulle vera moglegheitar for å få brukbare bilete. Plassen var ved ei elv, der isfuglen hadde ein fast sittepinne på motsett side av ei elv frå reiret. I tillegg så var det ikkje store omvegen for heimturen. Dette måtte me berre prøva å få med oss!

Etter litt meir køyring enn planlagt på ymse ulike svenske småveger, og listing gjennom jordbær åkre kom me til plassen ved elva. Og som me hadde fått beskjed om var det ein pinne som stod litt ut i elva. Den må det vera tenke me, for det skulle berre vera ein mogleg pinne som den kunne lande på. Det var ikkje tilfellet, det var nemmleg to pinner der. Denne som me å venta i  kamuflasje ved, og ein anna ein 30 meter lenger opp i elva. Og sjølvsagt var det pinnen 30 meter unna isfuglen sette seg på, fleire gonger. Likevel hadde me trua på at den likevel kunne setta seg ved oss. Etter eit par timer innsåg me realiteten at me hadde sett uss ved feil pinne. Nedtur. Vi fann ut at me måtte foreta ei kjapp reorganisering. og rigga oss til ved pinnen lenger opp. No byrja det å li på ettermiddagen og lyset var ikkji det store lenger. Vi burde også koma oss på tur heimover snart. Me fann ut at me kunne prøve ein times tid her også. I løpet av den neste timen var den berre innom denne pinnen eingong. Heldigvis fekk me nokre bilete då.




2 kommentarer:

  1. Bildene er så fine Lars! Dei ugle bildene er jo helt toppers! Du er så flink! Klem Åsa

    SvarSlett
  2. Både ser og høyres ut som ein bra tur likevel!!
    Lykke til vidare både med foto, vegetasjonskartlegging og elles andre utfordringar :)

    SvarSlett