søndag 14. juni 2009

Nattravn


Lovde vel eigentleg å koma med ein meir detaljert oppdatering av Sverige turen. Det kjem, men ikkje no.

I går kveld var endeleg yr.no og værgudane einige att (det har desverre vore ein del avvik i det siste). Det var melt skyfri himmels til kvelds, og på ein fin laurdagskveld kan det berre bety ein ting: nattravntur!

Var tidlegare ute enn sist, i håp om å få litt betre lysforhold når nattravnen skulle forsøkast å forevigas. Autofokusen er litt meir samarbeidsvillig med større kontrast mellom fugl og himmel - samt at det blåeauget også er greiare å ha med å gjera når det er litt lyst. Som sagt så var me tidlegare på plass i skogen - det var myggen òg. Ettersom myggsprayen låg att heime, vart det heile ei brukbar tålmodigheitsprøve! Myggen vart heldigvis fort gløyt når nattravnen byrja spelet, og flaksa forbi oss mellom trea på furumoen. I ein times tid hadde me den rundt oss. Dette gav heldigvis eit par fotomoglegeitar, og eg er litt meir nøgd utfallet no enn sist.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar