mandag 7. mars 2011

"Topptur"

Fredags ettermiddag stakk eg litt tidlegare frå kontoret for å stikke på topptur før sola gjekk ned. Eller "topptur" er vel meir dekkande. For Follotraktane er vel knapt noko som kan minne om ein topp (anna enn tretopper), i bestefall kan det etter mi ordbok bli sett på som ein ås, eller ein haug. No er no eg vaksen opp i ei fjellbygd og er vel i overkant bortskjemt med flotte toppar og solide motbakkar. Men i mangel av noko anna, tek ein det ein har.

No når abstinensane etter motbakkar og skiturvart for stor pakka eg sekken og tok med meg bikkjene på tur til ein ås eg har vore på feltkurs på ein gong. Det kan faktisk hende at toppunktet bikker 200 moh. så det er jo ikkje så aller verst..


Uansett kor høg eller lav denne forhøginga i landskapet er, så var den iallefall høg nok til at kveldssola slapp til med sine siste stråler


Det er vel ingenting som er betre middagsmat enn bålgrilla pølser!!


Om ikkje pelsen er optimal finns det ikkje noko som er stort betre enn å krype ned i Fjellduken etter å ha slete seg gjennom djupsnøen.


Bål er fascinerande greier. Utrule kor lenge ein kan bli sitande å berre stirre inn i flammane og la tankane flyte. Dette var ein verkeleg idyllisk måte og avslutte ei strevsam arbeidsveke på!

2 kommentarer:

  1. Du må berre sørge for at slikt blir ein vane :)

    SvarSlett
  2. ja, det er absolutt noko dei fleste burde prøve å få til! :)

    SvarSlett