onsdag 9. mars 2011

Hønsehauk

Søndag fekk eg oppleva hønsehauk på nært hald. Kanskje ikkje i den settingen eg helst hadde håpa å få oppleva hønsehauk i, men eg fekk likevel oppleva og studert den så nære som eg sjelden har fått før.


Søndag rundt lunsj, omtrent i det 5-mila sette i gang ringte ei venninne som arbeidar på ein opplevelsesgard ikkje langt her i frå. På den garden har dei blant anna ei fugleinnhegning med høner, påfuglar og fasaner. Og inn i eine fasaninnhegninga hadde ein hønsehauk klart å lure seg inn i eine av fasaninnhegninga og skaffa seg eit enkelt måltid.


Det var ein tydeleg malplasser og stressa hauk som flaug att og fram mellom nettingveggene. Dermed tok me ikkje lange kikken og holdt oss på avstand for å unngå å stresse den meir enn nødvendig.
Det føles ikkje heilt rett å sjå slike vakre fuglar i fangenskap. Men det var likevel ein moglegheit for å få oppleva og studert fuglen under rolege og kontrollerte omgivelser.

Eg kan melde om at hauken etterkvart vart slept ut, og forhåpentlegvis lever den i det fri i beste velgåande.

1 kommentar:

  1. Bra den vart satt fri!

    Ikke like koselig å se at den flyr stressende mellom nettingene..

    På den positive siden var den i hvert fall ikke sulten da!

    SvarSlett