tirsdag 22. desember 2009

Juleferie


Is på Vangsmjøsa

No har eg også endleg fått juleferie. Skal bli gødt å sleppe å verken tenkje på lesing eller skriving av semesteroppgåver ei stund framover!
I Vang er det, som mange andre plassar i landet, temmleg kald om dagen. Dermed gav me blanke i planane om  førjulsjakt på hytta på bestemor.  Litt kjedeleg, ettersom eg hadde sett fram te å få nokre rolege dagar oppå der. Men dæven! Det er no gødt å slappe tå heime også rett innunder jul!



Isformasjon på stein.
Ved fyrste augekast, og ein god del fantasi, minnar denne kanskje litt om Sør-Amerika (?).



Eg og fadern hadde ein liten tur nedved Vansmjøsa i dag for å sjå etter motiv. Temperaturen føre til at ein halvannentimes tur var meir enn nok. Då var det godt å koma seg innatt forran ovnen med hundene for å få att varme og kjensler i fingre og tær. Alle



Fadern knipsa eit bilete av meg medan eg fotograferte is 
- ikkji rart ein blir kald når ein ligg slik på isen


lørdag 12. desember 2009

Desember

Desember er som tidlegare nemnd ein travel månad med mykje fint lys og alt for korte dagar. Heldigvis ser eg at også andre opplevar Desember på same måten. Følgjer med på ein lang rekkje fotoblogger. Blant anna på Kjartan Tranas fotoblogg, der ser eg at han har sett i gang sitt eige desember-prosjekt som blant anna inneberer at han har med seg kameraet sitt over alt til einkvar anledning.

Dette inspirerte meg! No er det riktig nok ikkje dei heilt store motiva  eg opplevar i 100-sona på E6 mellom Ås og Vestby (dette er stortsett den einaste tida på dagen eg opplevar fotolys). Uansett. I dag tok eg med meg fotoutstyret, og nedprioriterte lesesalen nokre timar til fordel for å ligge i den fuktige torvmosen, langsmed ein bekk, mellom Gaarder og Kroer - for å fotografera! 


Dette er kanskje ikkje motiv eg i fyrste rekke assosierar med desember. Men bileta kan kanskje likevel gje assosiasjonar til julepynt med glitter og kuler likevel? Med litt fantasi får det meg til å tenkje på både juletrekuler, glitter og stas.



Men det kan hende at det berre er eg som har så livlig fantasi?

lørdag 5. desember 2009

Kalde dagar



Slutten av november og desember månad er alltid travle dagar som student. Dagane går stortsett med til semesteroppgåver og eksamenslesing, og med kortare dagar blir det altfor lite tid til foto. Onsdag klarte eg å avslutta litt tidlegare på skula for å rekke dei siste solstrålane før sola gjekk ned, det rakk eg sjølvsagt ikkje. I det eg kom heim krøyp sola akkurat ned over grantoppane i vest, så der gjekk planane om stemningsbileta med solnedgang over Kjennstjernet i vasken.

Heldgvis hadde værgudane klart å klemme inn nokre dagar med minusgrader, og det har vore eit kjærkomment lyspunkt, ettersom den siste tida her kan beskrives som temmlig grå og fuktig. Kuldegradar og skyfri himmel førte til at eg fekk med meg ein fin blåtime med fullmåneoppgang før det vart mørkt.

Ellers er det fint å bu i ei hytte i skogkanten. Eg har fått i gang fuglefôringa og har dagleg besøk av kjøttmeis, blåmeis, granmeis, løvmeis, svartmeis, toppmeis, spettmeis og nøtteskrike, i tilegg til ei par gjesteoppptredenar av trekrypar, raudstrupe og gjerdesmett. Så eg satsar på litt fotografering så fort eksamensperioda er over og været vil forholda seg litt mindre fuktigt.
Dei siste kveldane (og morgonane) har det også søtte ei kattugle å hukra i bakom utedoen, så håpar den slår seg ned i nærleiken!



Månen på tur opp



Frossen dam

mandag 16. november 2009

Afrika



Gnu i Ngorongoro krateret

I førrige veke hadde naturforvalterlaget filmframsyning på skula der dei synte fram ein David Attenborough film, med blant anna mange fine dyr frå Afrika. Ettersom eg har vore ei "rydde-modus" med bileta mine, har eg etterkvart byrja å få oversikt over bileta frå Tanzania når eg var der sumaren 2007. Eg har riktig nok ikkje like spektakulære bilete som Attenborough og gjengen, men legg like vel ved eit par minner frå turen.



Løve på veg ned frå tre i Serengeti




Giraff med "insektsplukkaren" rundt hovudet




Andre camp på tur opp til Kilimanjaro

lørdag 7. november 2009

Snø


Riktig nok er bakken i Vestbyområdet framleis relativ bar og fuktig, men i Vladresbyrjar det verkeleg å bli vinter. Då er det fint å ha moglegheite og hive seg i bilen for ein Vangstur.


Sjølvportrett frå hjortejakta

I går fekk eg meg ein tur på hjortejakt; eg hadde sett for meg at snøen som kom skulle gje ypperlige snikjakt forhold - men der tok eg feil. For det fyrste hadde det kome mykje meir snø enn eg hadde regna med (tungt å vabbe i snø opp til knea). Og for det andre hadde det vore ei mildare periode mellom snøfall som resulterte i eit ypperlig skarelag (og som alle veit: skare bråkar - mykje). Vart sjølvsagt ikkje hjortefall, men fekk likevel sjå tre dyr. Det er alltid stas!


Fadern tok bilete av oss når me va i farta nedover jordet

I dag var eg, hundene og muttern på årets fyrste skitur oppi lia. Eg må nok inrømma at det er lenge sidan skimuskulaturen har vore i bruk og den fekk verkeleg køyrt seg.  Men utrule morro!! Eg regnar med at ho som måtte stå att i kjøttdisken på Mega Vestby er temmleg misunnleg no ;)




tirsdag 22. september 2009

Gjennomgang av bilder

Sjølv om det er litt lite fotografering om dagen, har eg vore flink til å få gått gjennom og organisert bilder. For det er vel eit gjennomgåande problem for dei fleste som tar ein del bilder at bildene hopar seg opp, og etterkvart blir det berre kaos. Når kaoset har oppstått, blir det eit enormt tiltak å ta fatt på oppgåva att. I helga fekk eg heldigvis "ånden" over meg att, og vart endelig ferdig med å gå igjennom bileta frå 2007 (har likevel framleis att ein del).

Grunnen til dette plutselige initiativet kjem av ein henvending frå Valdres kunstforening som kom med ein førespurnad om eg ville vera med å stille ut nokre bilete over nyåret ei gøng. Etter å ha fundert litt og takka ja, har eg innsett at eg må byrja å finna fram aktuelle bilete. Ettersom eg ikkji har vore med på åsyne fram bileta på tilsvarande måte før er det litt ekstra spennande.

Sidan eg har brukt litt av dem siste tida på å gå gjennom gamle bilete legger eg ved nokre glimt frå tidlegare tider.


Elg i Imsdalen, mars 2007

Fyrste snøfallet i Herredalen, oktober 2004.


Kiter på Vangsmjøsa, ein av mange vindfulle dagar juli 2007

mandag 21. september 2009

Septembermorgon

Septembermorgon ved Laglim
(biletet bør trykkast på for å opplevast større)

Slenger i vegen eit bilete frå ein flott morgon ved Laglim heime i Vang i førrige veke. Dette var etter ein av dei fyrste nettene der gradestokken hadde passert under null i løpet av natta. Skulle eigentleg ut å sjå etter ender. Men når det fyrste eg gjorde va å skremme den einaste anda som var på denne sida, var det ikkje stort meir å gå etter. Håpar det fine veret blir noenlunde det same mot helga att når elgjakta sparkar i gang.

For tida går dagane ellers med til alt for lite fotografering, prøver å retta ein innsatsen mot skulearbeid og få nytta dagane på lesesalen ettersom det blir ei langhelg med jakt i Vang frå onsdag/torsdag av att.

mandag 14. september 2009

Jakt

Då va 10. september endelig passert og jakta er i gang. Ettersom fjorårets jakt vart spolert av kyssesjuka har eg gleda meg som ein unge i mange veker alt. Det var ekstramoro sidan detta var Lanos fyrste jakttur og det var knytt spenning til korleis han ville te seg. Han storkoste seg med å springe og vimse rundt i lyng og kratt og fekk ved eit par anledningar fugl i nesa, så det va moro! :)

Elisabeth og hundane var med oppover te Vang og me fekk fleire fine turar etter småviltet fredag og laurdag, sjølv om det ikkje vart vilt på uss. Sidan Elisabeth måtte nedover att laurdag og været i går var fantastisk, rusla eg og Lano ein tur oppover rundt Hugakollen. Utan dei heilt store forventningane, ettersom det har jamn trafikk der i helga. Men like ovanfor Lyberg letta det eit rypekull, og kullet vart redusert med ei rype.

Lano posera med hagla og rypa (Lano kan forøvrig ikkje tilskrivast noko ære for fallet, ettersom han stod bak meg når kullet letta, men han får skryt som triveleg jaktkammerat).

Lano vart ei erfaring rikare i forhold til kryssing av blautmyr - at det i framtida nok lønner seg å springa rundt.

Etter at Elisabeth og Luke hadde dura nedover te Vestby att prøvde eg og Harald oss ut eit par turar etter hjorten. Hjorten var nok lurare enn jegarane denna gongen, så me får heller håpa det blir hjortefall seinare i haust.
Morgonstemning ved Laglim på tur ut for å sjå etter hjorten

mandag 7. september 2009

Hovudutferd te sørlandet

I midten av august reiste, som tidlegare nemd, 5. klasse naturforvaltning på hovudutferd te sørlandet. Eit stramt program og ivrige turguider klaffar som regel dårleg med studentar som er fotointerreserte og har ynskje om å nytta meir tid enn gjennomsnittet på ulike lokalitetar. Dette førte til at undertegnede stortsett var sist i flokken, eller gjerne litt bak, når me var på tur. Dette va igrunn litt synd, for me var innom mange spennande plassar eg gjerne skulle nytta meir tid på. Forhåpentlegvis får eg meg ein tur nedatt ved ein seinare annledning.



Dette er frå dei nedlagt gruvene i Knaben. Ei jente i klassa stod på desse gamla lodda under ein presentasjon me fekk i det gamle "kabelkontroll huset".



Nest siste dagen var me på utflukt til Oksøy - Ryvingen landskapsvernområde i Søgne kommune. Her er me oppå det høgste punktet, der tyskarane under krigen hadde skytestillingar i frå.

søndag 6. september 2009

Norsk natur farvel?


Tittelen på innlegget er inspirert av professor Sigmund Hågvar ved UMB, som me femte klasse ved master i naturforvaltning har vore på åtte dagars hovudutferd til Sørlandet med. For eit par år sidan gav Hågvar og Bredo Berntsen ut ei bok der dei med bekymring sette fokus på den gradvis nedbygginga og fragmenteringa av norsk natur. Som ein indikasjon på dette blir det drage fram at ved starten av 1900-talet var omlag halvparten av Noreg å rekne som "villmarksprega", i dag er denne delen minka til i underkant av 12 % (kjelde: dirnat.no).

Gjennom feltarbeidet til masteroppgåva mi har eg i sumar vore på Beitostølen for å kartlegge vegetasjon og vegetasjonsendringar, med fokus på med dei menneskeskapte landskapsendringane. Dagens bilete er tydlege bevis på inngrep og kor mykje tilrettelegging me menneske krever for å få ei hytte på fjellet der me ska nyte den friske lufta og naturen rundt oss. Biletet over er frå ei myr ved skistadionen som grøftes for å gjera plass til fleire hytter. I bakgrunnen skimtes nokre nyleg oppsette hytter.

Dette biletet er frå ei myr som det akkurat har vorte take hol på.

søndag 26. juli 2009

Under vatn


Har vøre så heldig at eg har fått moglegheiten til å teste ut eit undervasshus for speilrefleks dei siste par dagane. Verkeleg artigt å få bilete frå miljø ein vanlegvis ikkje oppheld seg i.


Undervassgjerde i Nørsvinsfjorden (kanskje det er sjøku der?).




Ein liten ørkytunge (gørrkim), annslagsvis 2 cm lang.




Fyrste del av labben te Lano som æ på tur ut i vatnet.




Lano på tur ut i vatnet


Lano utforskar Vangsmjøsa

mandag 20. juli 2009

Tur nordover

Intill i sumar hadde eg ikkji vore lenger nord i Noreg enn Tolga. I skrivande stund er eg faktisk nordover for andre gong denne sumaren. Og eg ser ikkje bortifrå at det blir fleire turar nordover - det er enormt flott oppi her. Legger ved nokre kjappe minner frå dei siste dagane.



Måke ved Saltstraumen



Me var på topptur til Halsatuva (528 moh), her frå toppunktet.



Elisabeth og Luke på tur ned frå Halsatuva, delar av Halsa skimtast i bakgrunnen



Kanotur på Grønåsvatnet.


Utsikt over Grønåsvatnet



I går kveld var me ute på sjøen og padla oss ein tur i kveldssola



Sola, rett før den smyger seg bakom fjellet



Padleåre

mandag 13. juli 2009

Ei stund sia sist

Gjennom dei siste vekene har eg fått sett mykje av variasjonen i Noreg. Eg har vore på vegetasjonskartlegging i Vik i vest, Vesterålen i nord, og i Brumunddal i midt/aust av landet. Det har verkele vore artigt å sjå delar av landet ein verken har sett eller har vitja tidlegare. Sidan alt har vøre i jobbsamanheng har det ikkje vore mykje tid til fotografering, legg ved litt av det eg har sett.




Ferja mellom Horten og Moss



Utsikt over Vik i sogn



Fellesbefaring i kartleggingsområdet på øya Hadsel i Vesterålen, i bakgrunnen ser ein Lofotenfjella



Det var uvær i vente når eg stod på ei svær myr i Furnes allminnin, Brumunddalen.



Ein kan godt forstå at folk ser skrømt og andre skumle skapningar når ein møter på rotvelter som denne



I går kveld var eg ein tur oppover Gilafjellet her heime i Vang. Der møtte eg denne heiloen




På same turen fekk eg også bilete av steinskvett og løvsanger. Litt artigt å få bilete av dei i lag.

søndag 21. juni 2009

Feltarbeidar

Sesongen som feltarbeider byrjar i morgon. Då set me uss på flyet te Sogndal for å byrja på vegetasjonskartlegginga som skal gjennomførast i området rundt Vik. Legger ved nokre minne frå fjorårets feltsesong.


Mengder av innsekt



Bøyd fløy, etter eit fall


Ein kjend positur for ein vegetasjonskartleggar (om du ser ein person som står slik i skogen har han ikkji rømt frå ein institusjon eller tilsvarande, men er i djup undring over kva vegetasjonstype han befinn seg i).


Den sjeldne og fine Svartkurla



Ein artig knokkel, som også kunne nyttast som maske.