tirsdag 22. september 2009

Gjennomgang av bilder

Sjølv om det er litt lite fotografering om dagen, har eg vore flink til å få gått gjennom og organisert bilder. For det er vel eit gjennomgåande problem for dei fleste som tar ein del bilder at bildene hopar seg opp, og etterkvart blir det berre kaos. Når kaoset har oppstått, blir det eit enormt tiltak å ta fatt på oppgåva att. I helga fekk eg heldigvis "ånden" over meg att, og vart endelig ferdig med å gå igjennom bileta frå 2007 (har likevel framleis att ein del).

Grunnen til dette plutselige initiativet kjem av ein henvending frå Valdres kunstforening som kom med ein førespurnad om eg ville vera med å stille ut nokre bilete over nyåret ei gøng. Etter å ha fundert litt og takka ja, har eg innsett at eg må byrja å finna fram aktuelle bilete. Ettersom eg ikkji har vore med på åsyne fram bileta på tilsvarande måte før er det litt ekstra spennande.

Sidan eg har brukt litt av dem siste tida på å gå gjennom gamle bilete legger eg ved nokre glimt frå tidlegare tider.


Elg i Imsdalen, mars 2007

Fyrste snøfallet i Herredalen, oktober 2004.


Kiter på Vangsmjøsa, ein av mange vindfulle dagar juli 2007

1 kommentar:

  1. Det var riktig kjekt at du fekk ein slik anledning! ...og sjølvsagt godt at du fekk eit påskudd til å rydde litt :D

    Har nå ikkje sett så mange av bildene dine, men "han far" skryter fælt av deg - så eg er sikker på at detta blir heilt topp ;)

    LYKKE TIL LARS!!

    SvarSlett