mandag 14. september 2009

Jakt

Då va 10. september endelig passert og jakta er i gang. Ettersom fjorårets jakt vart spolert av kyssesjuka har eg gleda meg som ein unge i mange veker alt. Det var ekstramoro sidan detta var Lanos fyrste jakttur og det var knytt spenning til korleis han ville te seg. Han storkoste seg med å springe og vimse rundt i lyng og kratt og fekk ved eit par anledningar fugl i nesa, så det va moro! :)

Elisabeth og hundane var med oppover te Vang og me fekk fleire fine turar etter småviltet fredag og laurdag, sjølv om det ikkje vart vilt på uss. Sidan Elisabeth måtte nedover att laurdag og været i går var fantastisk, rusla eg og Lano ein tur oppover rundt Hugakollen. Utan dei heilt store forventningane, ettersom det har jamn trafikk der i helga. Men like ovanfor Lyberg letta det eit rypekull, og kullet vart redusert med ei rype.

Lano posera med hagla og rypa (Lano kan forøvrig ikkje tilskrivast noko ære for fallet, ettersom han stod bak meg når kullet letta, men han får skryt som triveleg jaktkammerat).

Lano vart ei erfaring rikare i forhold til kryssing av blautmyr - at det i framtida nok lønner seg å springa rundt.

Etter at Elisabeth og Luke hadde dura nedover te Vestby att prøvde eg og Harald oss ut eit par turar etter hjorten. Hjorten var nok lurare enn jegarane denna gongen, så me får heller håpa det blir hjortefall seinare i haust.
Morgonstemning ved Laglim på tur ut for å sjå etter hjorten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar