søndag 21. juni 2009

Feltarbeidar

Sesongen som feltarbeider byrjar i morgon. Då set me uss på flyet te Sogndal for å byrja på vegetasjonskartlegginga som skal gjennomførast i området rundt Vik. Legger ved nokre minne frå fjorårets feltsesong.


Mengder av innsekt



Bøyd fløy, etter eit fall


Ein kjend positur for ein vegetasjonskartleggar (om du ser ein person som står slik i skogen har han ikkji rømt frå ein institusjon eller tilsvarande, men er i djup undring over kva vegetasjonstype han befinn seg i).


Den sjeldne og fine Svartkurla



Ein artig knokkel, som også kunne nyttast som maske.

lørdag 20. juni 2009

Fyldigare oppdatering frå Sverige

Har ikkji skjedd mykje spanande på fotofronten den siste veka. Har vore travelt opptatt med feltkurs i vegetasjosnkartlegging. I tillegg er eg i gang med å fløta ut frå kollektivet eg bur i, samtidig som eg førebur sumarjobb/feltarbeid til masteroppgåva. Det er nok å henge fingrane i.

I førige veke var eg og min far, Thor,  ein tur i Sverige. På grunn av stramt program for begge parter var det berre mogleg å ta turen frå onsdag til torsdag, litt knapt tid i forhold til den lange reisevegen og at ein får mindre moglegheitar for at det skal klaffe bildemessigt. Når været i tillegg var spådd særdeles ustabilt, med stor sannsynlegheit for regn, mykje regn. Førte det til at me tvilte veldigt på om me skulle ta turen enn ikkje. Men etter å ha studert værmeldingane på både yr.no, storm.no og smhi.se (Sveriges Meteorlogiska och Hydrologiska Institut), samteit par telefonsamtaler med vår kjentmann i området onsdagsmorgonen, heiv me uss rundt og dura over te Sverige.

Etter som me kom lengre og lengre innover i Svergie vart skyane berre mørkare og mørkare. Etterkvart som me nærma uss staden me skulle til byrja det å regna også, til slutt ganske kraftigt. På dette punktet var ikkje stemningen i bilen  heilt på topp. Me vurderte faktisk å returnera til Noreg same kvelden, men vart einige om å sjå ann korleis det utvikla seg. Heldigvis roa det verste regnet seg når me kom fram, men det var framleis langt unna ideelt fotolys. Vi russla likevel ut i det svenske kulturlandskapet. Eit kulturlandskap som forøvrigt er innmari fint; mykje spennande både å sjå og ta bilde av - sku gjerne brukt meir tid nedi der.
Me sette uss ned ved eit hestebeite i kanten av ein skogkrull. Reiret til ugla var nemmleg plassert inne i skogkrullen, og me høyrde ungane maste på mat. Etter ei lita tid dukka ugla opp også, og eit nytt kryss i fugleboka var eit faktum. Artigt! Resten av kvelden vart brukt på å fotografera ugla på litt for lave lukkartidar og på litt for høg iso-verdiar. Heldigvis er canons 5d mkII betrakteleg betre på høge iso-verdiar, så det vart likevell nokre bilete frå dene økta som ein ellers ikkji hadde fått.

Lappuglehannen i flukt (1/160 sek, iso 2000).
Dette biletet fortel det meste om stemninga som var onsdagskvelden.

Med lovnader frå vår bekjente om betre vær dagen etterpå vart me verande nattaover. Morgonen etter vart me vekt av eit, om mogleg, endå kraftigera regnvær mot biltaket enn det me hade vore borti dagen før. Så morgonen vart nytta i bilen, og me hadde god tid til ein lengre frukost beståande av kneipbrød og god morgen yoghurt.  Sidan det ikkje virka som regnet hadde tenkt til å gje seg, såg me ikkje noke poeng i å prøve på ugla. I staden humpa me rundt på svenske sølete skogsbilvegar i kulturlandskapet i håp om å sjå, og eventuelt fotografera, noke vilt frå bilen. Det endte med at me fekk bilde av sørhare, rådyrbukk, rådyrkilling med to kalvar, traner, tornirisk og tornskate. Dette var me igrunn nøgd med.

Utover morgonen hente det for ein gongsskuld det som værmeldinga meldte; det lysna opp. Det vart riktigt nok berre 2 minutter med sol i løpet av formiddagen, men no vart det mogleg å fotografera med anstendige lukkertidar og iso-verdiar. I løpet av formiddagen fekk meg fleire moglegheitar både på flukt, landing og vanlege bilete i tre. Dette var verkeleg ei artig oppleving!





For å verkeleg sette krona turen vart me tipsa om ein isfugl lokalitet, der det skulle vera moglegheitar for å få brukbare bilete. Plassen var ved ei elv, der isfuglen hadde ein fast sittepinne på motsett side av ei elv frå reiret. I tillegg så var det ikkje store omvegen for heimturen. Dette måtte me berre prøva å få med oss!

Etter litt meir køyring enn planlagt på ymse ulike svenske småveger, og listing gjennom jordbær åkre kom me til plassen ved elva. Og som me hadde fått beskjed om var det ein pinne som stod litt ut i elva. Den må det vera tenke me, for det skulle berre vera ein mogleg pinne som den kunne lande på. Det var ikkje tilfellet, det var nemmleg to pinner der. Denne som me å venta i  kamuflasje ved, og ein anna ein 30 meter lenger opp i elva. Og sjølvsagt var det pinnen 30 meter unna isfuglen sette seg på, fleire gonger. Likevel hadde me trua på at den likevel kunne setta seg ved oss. Etter eit par timer innsåg me realiteten at me hadde sett uss ved feil pinne. Nedtur. Vi fann ut at me måtte foreta ei kjapp reorganisering. og rigga oss til ved pinnen lenger opp. No byrja det å li på ettermiddagen og lyset var ikkji det store lenger. Vi burde også koma oss på tur heimover snart. Me fann ut at me kunne prøve ein times tid her også. I løpet av den neste timen var den berre innom denne pinnen eingong. Heldigvis fekk me nokre bilete då.




søndag 14. juni 2009

Nattravn


Lovde vel eigentleg å koma med ein meir detaljert oppdatering av Sverige turen. Det kjem, men ikkje no.

I går kveld var endeleg yr.no og værgudane einige att (det har desverre vore ein del avvik i det siste). Det var melt skyfri himmels til kvelds, og på ein fin laurdagskveld kan det berre bety ein ting: nattravntur!

Var tidlegare ute enn sist, i håp om å få litt betre lysforhold når nattravnen skulle forsøkast å forevigas. Autofokusen er litt meir samarbeidsvillig med større kontrast mellom fugl og himmel - samt at det blåeauget også er greiare å ha med å gjera når det er litt lyst. Som sagt så var me tidlegare på plass i skogen - det var myggen òg. Ettersom myggsprayen låg att heime, vart det heile ei brukbar tålmodigheitsprøve! Myggen vart heldigvis fort gløyt når nattravnen byrja spelet, og flaksa forbi oss mellom trea på furumoen. I ein times tid hadde me den rundt oss. Dette gav heldigvis eit par fotomoglegeitar, og eg er litt meir nøgd utfallet no enn sist.

fredag 12. juni 2009

Snartur te Sverige

Har vore en snartur te Sverige med fattern. Legger ved eit par bilete frå turen. Kjem sterkare tilbake med fyldigare oppdatering.


Rådyrbukk og traner



Lappugle



Isfugl

tirsdag 9. juni 2009

Kveldsstemning ved Langvatnet



Lenge har Elisabeth hatt eit ynskje om å syna fram områda ho sprang rundt i som yngre. No har me endele vøre på ein etterlengta telttur til Langvannet. Og eg skjønar verkeleg kvifor ho likar seg så godt i dette området. 

Etter ein knap times gange kom me akkurat fram til teltplassen i det sola la sine siste stråler på svalberga langs Langvatnet. Dette var starten på ein stemningsfull blåtime som varte og varte. 



Sjølvportrett av meg og Lano (ikkje like lett for nokon av oss å sita heilt i ro  med ei eksponeringstid på 1/5 sekund).

Til slutt må eg avslutta med ein hyllest til 5D mkIIen! Eg syns dette eit kamera som gjev kjempemoglegheitar for sin bruk. Særleg i forhold til ISO og støy - det gjev så mykje større moglegheitar for å få bilete ein ellers kanskje ikkje hadde fått. 



Luke ser utover Langvatnet.
Biletet er take på iso 2000 kl 11 om kvelden

søndag 7. juni 2009

Nattravn

I går kveld/natt fekk eg oppleva nattravn for fyrste gong. Det trur eg er ei naturoppleving ikkje mange har opplevd. Me var oppe på ein tørr furumo i skumringen. Mot ein lokalitet me viste det var observert nattravn på tidlegare. I bakgrunnen høyrde me trostesongen frå granskogen nedanfor, og med jamne mellomrom passert rugdas velkjente silhuett over oss med dei lett gjenkjennelege ”pisp – pisp lydane”. Med eit blir me var lyden; ein overraskande høg, langvarig, og på grensa til irriterande, sirenelikande lyd innimellom dei glisne furuskuggane framfor oss. ”Der har me natteravnen”, blir det kviskra. Etter som me listar uss framover, kjem ” ”errrrrrrurrrrrrrurrrrrrerrrrrrrrrr” lyden nærare. Brått blir det stilt. Me skvetter til av klappelydar nedanfor oss, og blir merksam på to mørke skuggar som seglar forbi oss på lange, smale vingar. Skuggane forsvinn i skumringa. Mitt fryste glimt av nattravnen. På ny høyrer me ”errrrrrrurrrrrrrurrrrrrerrrrrrrrrr”, lenger vekk blant mørke furustammar. 


Me setter oss til å venta ved ei gamal furu, i håp om å få nokre bilete. Det var utruleg kor lenge den kunne halde på med sirenelyden, og ikkje minst intensiteten. Fleire gonger i løpet av den neste timen passerte fuglen over oss i stor fart. Generelt er fugl i flukt vanskeleg å få skarpe bilete av. Nattravn i flukt, i mørket, viste seg å vera tilnærma umogleg. Legger likevel med eit par av bileta frå i går.



lørdag 6. juni 2009

I blant går ting litt på tvørke


Legger ved nokre bilete frå gårdagens kveldstur ved Årungen. Eg følar at biletet over representerar dagen i går. Himmelen med skyene står for harmonien og roen ein bør ha når det er ferie. Det forstyrrande graset i forkant kjem inn som saboterande element, og øydlegg harmonien.



I blant må ein berre innsjå at ting går litt på tvørke. Då må kan ein gjera som hettemåka ovanfor; prøva å styra seg fortast mogleg ut av det...



...når ein er ute, gjeld det å letta like fort som måka for å koma seg vidare.

tirsdag 2. juni 2009

Vang


Luke i svevet med Hugakollen bak og utsyn nedover dalen mot Slidre

Torsdag sette me uss i bilen og dura oppover te Vang. Har vøre gødt å hatt ei skikkelig lang helg med avkobling og Ås-fri! Me har også fått med uss ein ved dugnad hjå bestemor og ein triveleg tur for å vitja Vikja Turid, kombinert med ein liten rundtur i indre Sogn. Me avslutta med ein tur opp til Avdalen gard i Utladalen Landskapsvernområde, der eg var sivilarbeidar. Dø kan tru det va fint å koma seg ein tur oppatt der.

Dei siste dagane har eg hatt eit fotoprosjekt med grønnsisik på kvist, det har foreløpigt ikkje gått akkurat som eg har tenkt meg. Grønsisiken, er som alle andre skapningar veldig vanskelig å forutsjå, samt at dei sjelden gjer akurat som ein har tenkt seg. Legger likevel med eit par glimt av frå føremiddagen i går. 





I går kveld var eg ein liten tur ute for å fotografere stemorsblomster.