tirsdag 22. september 2009

Gjennomgang av bilder

Sjølv om det er litt lite fotografering om dagen, har eg vore flink til å få gått gjennom og organisert bilder. For det er vel eit gjennomgåande problem for dei fleste som tar ein del bilder at bildene hopar seg opp, og etterkvart blir det berre kaos. Når kaoset har oppstått, blir det eit enormt tiltak å ta fatt på oppgåva att. I helga fekk eg heldigvis "ånden" over meg att, og vart endelig ferdig med å gå igjennom bileta frå 2007 (har likevel framleis att ein del).

Grunnen til dette plutselige initiativet kjem av ein henvending frå Valdres kunstforening som kom med ein førespurnad om eg ville vera med å stille ut nokre bilete over nyåret ei gøng. Etter å ha fundert litt og takka ja, har eg innsett at eg må byrja å finna fram aktuelle bilete. Ettersom eg ikkji har vore med på åsyne fram bileta på tilsvarande måte før er det litt ekstra spennande.

Sidan eg har brukt litt av dem siste tida på å gå gjennom gamle bilete legger eg ved nokre glimt frå tidlegare tider.


Elg i Imsdalen, mars 2007

Fyrste snøfallet i Herredalen, oktober 2004.


Kiter på Vangsmjøsa, ein av mange vindfulle dagar juli 2007

mandag 21. september 2009

Septembermorgon

Septembermorgon ved Laglim
(biletet bør trykkast på for å opplevast større)

Slenger i vegen eit bilete frå ein flott morgon ved Laglim heime i Vang i førrige veke. Dette var etter ein av dei fyrste nettene der gradestokken hadde passert under null i løpet av natta. Skulle eigentleg ut å sjå etter ender. Men når det fyrste eg gjorde va å skremme den einaste anda som var på denne sida, var det ikkje stort meir å gå etter. Håpar det fine veret blir noenlunde det same mot helga att når elgjakta sparkar i gang.

For tida går dagane ellers med til alt for lite fotografering, prøver å retta ein innsatsen mot skulearbeid og få nytta dagane på lesesalen ettersom det blir ei langhelg med jakt i Vang frå onsdag/torsdag av att.

mandag 14. september 2009

Jakt

Då va 10. september endelig passert og jakta er i gang. Ettersom fjorårets jakt vart spolert av kyssesjuka har eg gleda meg som ein unge i mange veker alt. Det var ekstramoro sidan detta var Lanos fyrste jakttur og det var knytt spenning til korleis han ville te seg. Han storkoste seg med å springe og vimse rundt i lyng og kratt og fekk ved eit par anledningar fugl i nesa, så det va moro! :)

Elisabeth og hundane var med oppover te Vang og me fekk fleire fine turar etter småviltet fredag og laurdag, sjølv om det ikkje vart vilt på uss. Sidan Elisabeth måtte nedover att laurdag og været i går var fantastisk, rusla eg og Lano ein tur oppover rundt Hugakollen. Utan dei heilt store forventningane, ettersom det har jamn trafikk der i helga. Men like ovanfor Lyberg letta det eit rypekull, og kullet vart redusert med ei rype.

Lano posera med hagla og rypa (Lano kan forøvrig ikkje tilskrivast noko ære for fallet, ettersom han stod bak meg når kullet letta, men han får skryt som triveleg jaktkammerat).

Lano vart ei erfaring rikare i forhold til kryssing av blautmyr - at det i framtida nok lønner seg å springa rundt.

Etter at Elisabeth og Luke hadde dura nedover te Vestby att prøvde eg og Harald oss ut eit par turar etter hjorten. Hjorten var nok lurare enn jegarane denna gongen, så me får heller håpa det blir hjortefall seinare i haust.
Morgonstemning ved Laglim på tur ut for å sjå etter hjorten

mandag 7. september 2009

Hovudutferd te sørlandet

I midten av august reiste, som tidlegare nemd, 5. klasse naturforvaltning på hovudutferd te sørlandet. Eit stramt program og ivrige turguider klaffar som regel dårleg med studentar som er fotointerreserte og har ynskje om å nytta meir tid enn gjennomsnittet på ulike lokalitetar. Dette førte til at undertegnede stortsett var sist i flokken, eller gjerne litt bak, når me var på tur. Dette va igrunn litt synd, for me var innom mange spennande plassar eg gjerne skulle nytta meir tid på. Forhåpentlegvis får eg meg ein tur nedatt ved ein seinare annledning.



Dette er frå dei nedlagt gruvene i Knaben. Ei jente i klassa stod på desse gamla lodda under ein presentasjon me fekk i det gamle "kabelkontroll huset".



Nest siste dagen var me på utflukt til Oksøy - Ryvingen landskapsvernområde i Søgne kommune. Her er me oppå det høgste punktet, der tyskarane under krigen hadde skytestillingar i frå.

søndag 6. september 2009

Norsk natur farvel?


Tittelen på innlegget er inspirert av professor Sigmund Hågvar ved UMB, som me femte klasse ved master i naturforvaltning har vore på åtte dagars hovudutferd til Sørlandet med. For eit par år sidan gav Hågvar og Bredo Berntsen ut ei bok der dei med bekymring sette fokus på den gradvis nedbygginga og fragmenteringa av norsk natur. Som ein indikasjon på dette blir det drage fram at ved starten av 1900-talet var omlag halvparten av Noreg å rekne som "villmarksprega", i dag er denne delen minka til i underkant av 12 % (kjelde: dirnat.no).

Gjennom feltarbeidet til masteroppgåva mi har eg i sumar vore på Beitostølen for å kartlegge vegetasjon og vegetasjonsendringar, med fokus på med dei menneskeskapte landskapsendringane. Dagens bilete er tydlege bevis på inngrep og kor mykje tilrettelegging me menneske krever for å få ei hytte på fjellet der me ska nyte den friske lufta og naturen rundt oss. Biletet over er frå ei myr ved skistadionen som grøftes for å gjera plass til fleire hytter. I bakgrunnen skimtes nokre nyleg oppsette hytter.

Dette biletet er frå ei myr som det akkurat har vorte take hol på.