mandag 15. februar 2010

Den sterkastes rett

Litt inspirert av dette innlegget til Ronny Solheim  kom eg på at eg var ute for ein liknande oppleving for ein del årsidan (det var vel siste året på vidaregåande om eg ikkji hugsar heilt feil). Dessverre hadde eg berre med meg ein liten ixus med 4 megapixel (bildekvaliteten er dermed ikkji stort å skryte av).

Det  var ein kald føremiddag mot slutten februar og eg var på tur heim frå samvirkelaget nori Vang. På tur oppover Heensgardane vart eg merksam på ein annsamling av 30-40 kråkefugl i det gamle opsetreet ved ei innkøyrsel. Eg tenkte umiddelbart ikkje meir over det, ettersom det er revfarm i nærleiken, og det er vanleg med kråkefugl i området.

I det eg nærmar meg blir eg legg eg merke til at det er noko mørkt noko som tumlar rundt i  innkøyrsla under ospetreet. Det fyrste som slår meg er at det må vera ei skadd kråke eller skjære. Det var ikkje langt frå sanninga. Ettersom eg nærmar meg, skjønar eg mindre og mindre av kva eg ser. Eg ser at det er noko mørkt, antaklegvis ein fugl, som tumlar rundt ved den eine portstolpen. Plutseleg går det opp for meg; det er ikkje ein fugl – det er to! Den andre litt større, klart lysare og spraglete. Sjølvsagt. Med eit går det opp for meg: Det er ein hønsehauk som trælar med å overmanne ei kråke.


Hønsehauken, som er ein ung hannfugl, ser ut til å vera ein uerfaren jegar. I kombinasjon med kråkas overlevingsinnstinkt blir det ingen lett match for hauken – som i realiteten har oddsen på si side.
Kamphanane tumlar fleire rundar rundt i innkøyrsla før dei endar utfor vegen, og ned ein bratt skråning  i eit skogholt. På dette tidspunktet forsvinn kamphanane ut av synet.Eg blir nysgjerrig på korleis dette går. Eg får ratta bilen rundt, og trillar nedover vegen att for å få sjå korleis det går nedi skogholtet.


Der ser eg ingenting. Forundringa blir stor. Det tok ikkje  lenger tid å snu bilen enn at dei framleis burde vera i nærleiken. Nysgjerrigheita blir større. Eg bestemmer meg for å liste meg ut av bilen for å sjå om eg kan få betre oversikt. I det eg trår ut av bilen skimtar eg ein stor skygge som lettar inne i skogen. “Men i h…...”, tenkjer eg. I det eg blir klar over storleiken. Det der var ingen hauk! Det der var jo ei kongeørn.

Med eit ser eg det. Det ligg på bakken frå staden ørna letta i frå. Det er hauken – den er død. Og eg ser ingen teikn til kråka. Det tyder på at ørna har tatt livet av hauken, og fått med seg kråka som eigentleg skulle bli haukemat.


Dette var eit klart døme på at prinsippet om den sterkastes rett er rådande i naturen.

søndag 14. februar 2010

Sidensvans


I dag slo ein liten sidensvansflokk seg ned like ved verandaen. Rakk så vidt å få eit bilete av ein av dei.

fredag 12. februar 2010

Skogens konge, eller?


Fekk eit møte med skogens konge på tur heim frå skula på fredag. Dette er nok fyrste gongen eg har vore så heldig å få sett eit eksemplar som har gevir kunn på eine sida. Veit riktig nok ikkje om den då kan tittelera seg som skogens konge? Kan hende den blir degradert til skogens hoffnarr?
 

 

tirsdag 9. februar 2010

Super søndag

Blåmeis i flukt

I finveret som var på søndag innvia eg meg sjølv ein 100% skulefri dag! Dette er nok fyrste dagen sidan jula eg verken har gjort, lese eller tenkt skule. Hærle! Dermed vart store delar av dagen nytta til fotografering og for å bli kjent med den nye 7Den!

Ettersom eg må på juss forelesing om 15 min og er litt på hæla for augeblikket for eg satse på at bileta talar for seg sjølv.

Ein ting er klart. Eg må verkeleg prøve å unne meg 100% skulefrie dagar sjølv om masterinnleveringa nærmar seg med stormskritt..