torsdag 14. april 2011

Østensjøvannet

Kanadagås i farta

Fotografering av andefugl ved Østensjøvatnet i det isen sprekker opp er ein velkjent våraktivitet for fugl- og fotointeresserte. I år, som i fjor, tok eg turen innover til hovudstaden tidleg ein morgon i håp om nokre blinkskot. Med meg på lasset hadde eg ein nederlandsk student, Esgo, som skal arbeid i tre månader på instituttet. Han er veldig fotointeressert, men hadde lite erfaring med fuglefote, dermed tenkte eg at Østensjøvatnet var ein bænkers plass å starta.

Esgo og svanene

Etter å ha konferert med yr.no fann me ut at me sku reise ut torsdagsmorgonen i forrige veke. Då var det nemmleg meldt strålande sol - og det gjev jo som kjent moglegheiter for flotte bilete i strålande morgon lys. Slek gjekk det ikkji. Det la seg til eit temmleg tett skylag i vest, som effektivt forhindra alle forsøk frå sola på å trenge i gjennom. Litt kjipt ettersom eg hadde skrøte "the amazing morning light" høgt opp i skyen. Men Esgo verka uansett tilfreds. Frå før hadde han mest erfaring frå landskaps- og blomsterfotografering, så dette innebar mykje meir action enn han var vant med frå før. Så eg trur det gav meirsmak.

Det viktigaste er ikkji alltid å få resultatet ein ser for seg på førehand, men å koma seg ut og kosa seg med det ein likar å gjera. Ein kjem alltids heim med nokre bilete ein ikkji hadde frå før ;)

Uansett om lyset ved Østensjøvatnet var så om så, så fekk me iallefall oppleva eit fantastisk lys i det sol var på tur opp ved avreise frå Ås.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar