tirsdag 13. juli 2010

Tilbake frå feltarbeid

No har eg endelig ferie etter tre veker i felt på vegetasjonskartlegging i Nord-Østerdalen. Det har ikkji vorte mykje oppdateringar, men mykje bilete. Meir hadde det nok vorte om eg hadde prioritert å bære med meg fotoutstyret kvar dag. Men når ein skal vera ute å gå 10 - 12 timar om, er det fort å nedprioritera fotoutstyret, til fordel for ein lettare ryggsekk. Men har uansett fått mange gode opplevingar å sjå tilbake på. Med alt i frå funn av ulvekadaver til funn av den vesle planta dvergtettegras.. Kveldens bilete er frå ei av dei artigaste opplevingane i løpet av denne tre-vekers perioda - sjølv om det eigentleg starta med at eg nok ein gong hadde uflaks

Dette føregjekk ein søndagskveld, og kvelden i førvegen hadde eg vore på seterfest i Vingelen. Som i alle festlege lag var det nok av både god mat og godt drikke som vart sett pris på til lang utpå morgonkvisten. Med søndagen som ein av tidenes (etter mitt skjønn) varmaste og lengste dagar såg eg verkeleg fram til å koma tilbake til setra me budde på opp i Høstdalen (Alvdal)  for å få slappa av og prøvd å restituere meg til nok ei veke med kartlegging. 
Når kveldingen så kom, og eg hadde tøffa inn på tunet til setra me budde på låg ikkje nøkkelen på avtalt plass. Typisk! Tenkte eg. Lettere sletin og småirritert ringte eg dei andre karane, som var på tur oppover igjen får Ås, der eg fekk bekrefta av nøkkelen hadde vorte med nedover til Ås før helga.  Men, dei var her om ein tre timers tid... "Flott".

Etter vel 2,5 times venting i bilen, når både pondus og aviser var lest ut og floraen var bladd gjennom nokre gonger, vart eg plutseleg var ei jordugla som flaksa forbi, over jordet, nedanfor bilen der eg sat å kjeda meg. Sannelig var den på jakt, og sirkla rundt på jordet nedanfor meg. Fleirfoldige runder.

Då var det berre for meg å hive meg rundt, finne fram kamerautstyret og parkere bilen i jordekanten og håpe på at ugla skulle kome tilbake frå redet/ungane etter ei vellukka jakt. Og etterkvart kom ugla som bestilt den.
Den sirkla over jordet i framkant av meg, og kom fleire gonger rett over bilen (berre 10m i frå!). Dette var verkeleg moro!! Det er mange, mange år sidan sist eg såg jordugle - og eg hadde heller aldri i mitt liv sett den så godt før! Morro!



Tiltross for at eg var båden segin og trøyt og i tilegg temmleg bitter for at eg måtte sita i bilen å vent, var dette fort gløymt når ugla gjorde sitt inntog rett utanfor bilen. Plutseleg gjekk dette frå å vera ein av dei kjipaste, til ein av dei mest minnerike kveldene på lenge.

2 kommentarer:

  1. Ugler er fantastiske fugler!

    Husk at ofte er det de tilfeldige opplevelsene man setter mest pris på ;)

    Lykke til videre med "jakten" på gode opplevelser.

    SvarSlett