lørdag 12. desember 2009

Desember

Desember er som tidlegare nemnd ein travel månad med mykje fint lys og alt for korte dagar. Heldigvis ser eg at også andre opplevar Desember på same måten. Følgjer med på ein lang rekkje fotoblogger. Blant anna på Kjartan Tranas fotoblogg, der ser eg at han har sett i gang sitt eige desember-prosjekt som blant anna inneberer at han har med seg kameraet sitt over alt til einkvar anledning.

Dette inspirerte meg! No er det riktig nok ikkje dei heilt store motiva  eg opplevar i 100-sona på E6 mellom Ås og Vestby (dette er stortsett den einaste tida på dagen eg opplevar fotolys). Uansett. I dag tok eg med meg fotoutstyret, og nedprioriterte lesesalen nokre timar til fordel for å ligge i den fuktige torvmosen, langsmed ein bekk, mellom Gaarder og Kroer - for å fotografera! 


Dette er kanskje ikkje motiv eg i fyrste rekke assosierar med desember. Men bileta kan kanskje likevel gje assosiasjonar til julepynt med glitter og kuler likevel? Med litt fantasi får det meg til å tenkje på både juletrekuler, glitter og stas.



Men det kan hende at det berre er eg som har så livlig fantasi?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar