søndag 6. september 2009

Norsk natur farvel?


Tittelen på innlegget er inspirert av professor Sigmund Hågvar ved UMB, som me femte klasse ved master i naturforvaltning har vore på åtte dagars hovudutferd til Sørlandet med. For eit par år sidan gav Hågvar og Bredo Berntsen ut ei bok der dei med bekymring sette fokus på den gradvis nedbygginga og fragmenteringa av norsk natur. Som ein indikasjon på dette blir det drage fram at ved starten av 1900-talet var omlag halvparten av Noreg å rekne som "villmarksprega", i dag er denne delen minka til i underkant av 12 % (kjelde: dirnat.no).

Gjennom feltarbeidet til masteroppgåva mi har eg i sumar vore på Beitostølen for å kartlegge vegetasjon og vegetasjonsendringar, med fokus på med dei menneskeskapte landskapsendringane. Dagens bilete er tydlege bevis på inngrep og kor mykje tilrettelegging me menneske krever for å få ei hytte på fjellet der me ska nyte den friske lufta og naturen rundt oss. Biletet over er frå ei myr ved skistadionen som grøftes for å gjera plass til fleire hytter. I bakgrunnen skimtes nokre nyleg oppsette hytter.

Dette biletet er frå ei myr som det akkurat har vorte take hol på.

1 kommentar:

  1. Eg anbefalar ein tur til Kirkenes, der du verkeleg kan sjå korleis naturen har blitt offer for menneskeleg påverknad..

    SvarSlett