Sneglar er ikkje kjent for å vera dei mest spektakulære skapningane. Dei er ikkje særleg raske, og dei blir ikkje regna for å vera ein stor trugsel mot turgåarar og friluftslivet generelt. Sjølv om det stadig vekk er oppslag i media om dei grufulle mordersneglane er dei likevel berre ein trugsel mot hagar, og hageplantar. Uansett, sneglar er snodige skapningar. På ein tur i området rundt Pollenvannet naturreservat kom eg over mange vinbergsneglar (Helix pomatia). Det fyrste som slo meg var at dette måtte vera monster sneglar. Eg har aldri i mitt liv sett så svære sneglar før. Riktig nok har grønnsakshagen te muttern jamleg besøk av sneglar, men aldri i nærleiken av desse. Eg vart fascinert. Sneglane kan riktig nok ikkje blir større enn 45 - 45 mm høg, og tilsvarande brei, men eg tykkjer det likevel er relativt stort. Eit kjapt oppslag i Insekter og småkryp i norske skoger fortalde meg samtidig at det var den største norske landlevande sneglen med hus. Altså, det er ein kjempe me har å gjera med!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Halla kjekken! Du får til og med en segle å se bra ut! Du er kjempe flink! Klem Åsa
SvarSlettmeinte snegle.....
SvarSlett