onsdag 27. mai 2009

Vår II

Vil fortsette frå der eg slapp i går med å vise fram nokre  intrykk frå i vår. I kveld legger er ved nokre svart-kvit bilete. 



Ein varm vårkveld var eg i skogen nede ved Årungen for å høyre på fuglesangen i Syverudskogen. Etter turen i skogen gjekk eg nedom vasskanten på Årungen for å sjå på solnedgangen. Rett før sola forsvann ned bak åskammen vart eg var plaskelydar litt bortanfor meg. Det viste seg å vera ei makrellterne som jakta småfisk like inne ved land. Den var ingen dødseffektiv jegar, og trengte nokre forsøk før den fekk fangsten. Dette gav meg moglegheita for å koma meg nærare og forsøke å få bilete. 



Dette er frå same kvelden som makrellterna over. Her har sola akkurat gått ned og lys-refleksjonane i vatnet er på tur til å forsvinne. Eg har ikkje stort å seia om biletet, men eg er veldig glad i svart-kvit bilete med store kontrastar, tilnærma utan nyansar. Samtidig som krusingane i vatnet er med på å mjuke opp kontrastane.



I slutten av forrige veke var Elisabeth og eg ein tur på Tofte for å sjå kvar ho har kome i frå. Dette var fyrste gongen eg har vore på Tofte og eg må innrømme at det var ikkje heilt som venta. Eg har høyrt mykje om staden, både possitivt og negativt. Biletet over gjenspeglar litt av førehandsintrykket eg har fått av plassen. Eit industrisamfunn med den gjennomgåande "Tofte lukta". Biletet syner Hurum papirfabrikk frå Bakkestranda.
Eg kan vel inrømme at dette er eit intrykk eg ikkje sit att med etter å ha besøkt staden. Riktig nok er sjølve "sentrum" prega av industrien, og takka vera god vind frå Oslofjorden kjende eg ingen ting til "Tofte lukta", men eg syns det var ein fin og trivele plass. 



Dette biletet viser Elisabeth og Lano (hunden) frå same Bakkestranda som biletet over, berre sett utover mot Oslofjorden. 



17. mai helga tilbrakte vi på Evenstad i Østerdalen. Etter ein tur oppi Evenstadlia, kom eg bak denne bobbla på tur ned att. Fekk fiska opp kameraet og knipsa nokre biletet medan me dura nedover. 


tilslutt må eg avslutte med eit bilete av det som har prega mesteparten av denne tida, nemmleg lesing. Her er Sigurd og eg på tur te å avslutte lesinga mot eksamen i Regulerings- og miljørett II. Boka han leser er Noregs lovar.

2 kommentarer:

  1. Var det ikke rart, hvor langt sommeren hadde kommet på Tofte sammenlignet med Ås!? Og hvor annerledes vegetasjon det er på Tofte. Neste gang får du ta bildet av de store eikene og de mange furutrærne :)

    Likte ternebildet veldig godt, Lars ;)

    SvarSlett