mandag 28. februar 2011

Vinter = Ski

"Skimessigt" har denne vinteren vore heilt fenomenal. Eg har vore på ski tre-til fem gonger i veka, både med og utan hund (mest med då sjølvsagt). Sjølv om dei fleste turane har føregått med hovudlykt på Vestbys jorder har eg heldgivis fått med meg nokre turar med kamera i dagslys òg.

Skiløper i Solnedgang i romjula på Hurum.

Min gode venn Sigurd på skitur med Luke i Fyresdal.


Skiløperer på Rødvann på Hurum.

God morgen elg!

No har tida på året kome der elgen byrjar å bli nærgåande å trekke nærare husa. Media kan melde om nærgåande elger mellom anna på Majorstuen, på Ås, i Elverum - og no kan eg melde om at dei har byrjar å tusle rundt husveggen her på Kjenn òg.

I forige veke hadde me besøk av ei ku med to kalvar som låg å slappa av etter ein velfortent frukost frå hagen te naboen. Kan du sjå den tredje elgen? (Det kan ikkje eg heller, vart ikkje klar over den før dyra la i veg over isen)

Berre for eit par dagar sidan hadde me nok ein gong besøk her ein morgon. Nok ein gong tre dyr, men no var det ein av kvar (ei ku, ein kalv og ein okse). Desse hadde tydlegvis meir is i magen og holdt seg roleg sjølv om eg gjekk ut for å koma meg på jobb om morgonen.

tirsdag 22. februar 2011

Lysere tider

No går det sannelig mot lengre og lysare dagar. Det er gødt å få kunne oppleva dagslyset i friluft igjen, og ikkje berre sita inne på kontoret med lengsel i blikket..


fredag 30. juli 2010

Topptur - vinjerock

Vinerock er ein rockefestival som føregår ved Jotunheimens forgård her i Vang. Dette er på ein måte "hjartebarnet" til alle vangsjeldningar og dei fleste bidreg på ein eller anna måte. Mitt bidrag i dei fem åra festivalen har halde på, har vøre å vera festivalfotograf. 

I år vart eg sendt ut for å dekke to toppturar, Uranostind (2157 moh) og Austre Torfinnstind (2119 moh), som er nokre av aktivitetane ein kan få med seg på Vinjerock.

Uranostinden var desverre avbrote undervegs, hovudsakleg på grunn av tåke, men trur dei fleste turdeltakarane var såpass blaute at det i grunn var ei grei avgjerdsle. For når fjellføraren vart usikker på kvar me var hen oppå breen, var det like greit å snu.

Stemningsrapporten frå breen rett før me snudde

Turen til Austre Torfinnstind gjekk derimot i mykje betre vér og toppen vart nådd!! Dette var ein forholdsvis luftig tur med mykje klyving/klatring og der lårmusklaturen verkeleg fekk køyrt seg! Turen byrjar på 1060 moh ved fjellvatnet bygdin og går nestne 1100 høgdemeter rett opp til toppen. Ein vinn høgde meter forholdsvis fort når det er så bratt - men mjølkesyra var ikkje langt unna, verken på tur opp eller ned. 


Klyving forbi eit kritisk punkt ganske tidleg i renna me forflytta oss opp over i.

Når ein går opp ei renne med mykje laus stein og forflytninga tiltider skjer ved klyving/lausklatring på små hyller kan det til tider bli svært krevjande å vera fotograf med innslag av høgdeskrekk... Men eg fekk no høkla meg både opp og ned, og det var ein kjempeflott topp med solid utsikt! 




Her gjeld det å halde tunga rett i munnen når ein går/kryp oppover.


Fornøyd gjeng på toppen!

tirsdag 13. juli 2010

Tilbake frå feltarbeid

No har eg endelig ferie etter tre veker i felt på vegetasjonskartlegging i Nord-Østerdalen. Det har ikkji vorte mykje oppdateringar, men mykje bilete. Meir hadde det nok vorte om eg hadde prioritert å bære med meg fotoutstyret kvar dag. Men når ein skal vera ute å gå 10 - 12 timar om, er det fort å nedprioritera fotoutstyret, til fordel for ein lettare ryggsekk. Men har uansett fått mange gode opplevingar å sjå tilbake på. Med alt i frå funn av ulvekadaver til funn av den vesle planta dvergtettegras.. Kveldens bilete er frå ei av dei artigaste opplevingane i løpet av denne tre-vekers perioda - sjølv om det eigentleg starta med at eg nok ein gong hadde uflaks

Dette føregjekk ein søndagskveld, og kvelden i førvegen hadde eg vore på seterfest i Vingelen. Som i alle festlege lag var det nok av både god mat og godt drikke som vart sett pris på til lang utpå morgonkvisten. Med søndagen som ein av tidenes (etter mitt skjønn) varmaste og lengste dagar såg eg verkeleg fram til å koma tilbake til setra me budde på opp i Høstdalen (Alvdal)  for å få slappa av og prøvd å restituere meg til nok ei veke med kartlegging. 
Når kveldingen så kom, og eg hadde tøffa inn på tunet til setra me budde på låg ikkje nøkkelen på avtalt plass. Typisk! Tenkte eg. Lettere sletin og småirritert ringte eg dei andre karane, som var på tur oppover igjen får Ås, der eg fekk bekrefta av nøkkelen hadde vorte med nedover til Ås før helga.  Men, dei var her om ein tre timers tid... "Flott".

Etter vel 2,5 times venting i bilen, når både pondus og aviser var lest ut og floraen var bladd gjennom nokre gonger, vart eg plutseleg var ei jordugla som flaksa forbi, over jordet, nedanfor bilen der eg sat å kjeda meg. Sannelig var den på jakt, og sirkla rundt på jordet nedanfor meg. Fleirfoldige runder.

Då var det berre for meg å hive meg rundt, finne fram kamerautstyret og parkere bilen i jordekanten og håpe på at ugla skulle kome tilbake frå redet/ungane etter ei vellukka jakt. Og etterkvart kom ugla som bestilt den.
Den sirkla over jordet i framkant av meg, og kom fleire gonger rett over bilen (berre 10m i frå!). Dette var verkeleg moro!! Det er mange, mange år sidan sist eg såg jordugle - og eg hadde heller aldri i mitt liv sett den så godt før! Morro!



Tiltross for at eg var båden segin og trøyt og i tilegg temmleg bitter for at eg måtte sita i bilen å vent, var dette fort gløymt når ugla gjorde sitt inntog rett utanfor bilen. Plutseleg gjekk dette frå å vera ein av dei kjipaste, til ein av dei mest minnerike kveldene på lenge.

søndag 27. juni 2010

Marisko

Blir ei kjapp oppdatering før eg reiser ut på for ei ny veke i felt.
Var ein tur i Rendalen i dag og fotograferte marisko. Ein fasinerande orkide som eg alder hadde sett før.

onsdag 9. juni 2010

Det har no skjedd litt av kvart likevel...

Kveldssong frå Svarttrost

Eg syns blogger som sjeldan blir oppdatert er temmleg kjipe. Og det er vel ein viss fare for at min eigen blogg kan inkluderast i denne kategorien. Og, ja, eg er smertelig klar over at det er alt for lenge sidan eg har oppdatert, og det er ikkje fordi det har skjedd for lite, heller tvert i mot, for det har nemmleg skjedd litt av kvart:

- Eg har levert og forsvart masteroppgåva mi med tittel: "GIS-modellering av potensiell naturleg vegetasjon (PNV): Ein metodestudie frå sentral Sør-Noreg"

- Eg har gjennomført og stått på siste eksamen

- Eg og Elisabeth har vore på tur til Evenstad og Østerdalen

- Eg har vore i konfirmasjon på Toten

- Eg og Elisabeth har vore på kano og fisketur på Hurum

- Eg har vore i Horten å fiska med Sigurd. Temmleg stusslig med fangst men fekk sjå Hortens brattaste bakke og på turen heim; Noregs kortaste ferje tur (Svelvik - Verket).

- Og på mandag byrja eg å jobbe ved Norsk institutt for Skog og landskap

Ikkje rart det har vorte lite blogginnlegg av dette - men har fått ein del bilete som nok vil koma dryssande etter kvart ;)