onsdag 1. august 2012

Vestlandsferie

No er eg i fed med å avslutte min to veker med sumarferie. Dei har vore omtrent like hektiske som dei føregåande månadane, men det har likevel vorte tid til litt fotografering. Årets ferietur gjekk fyrst til Østerdalen før eg fortsette over Sognefjellet og til Vik. Ettersom ein alltid har det ein har opplevd sist friskast i minne kjem kveldens bilete i frå det fantastiske Vestlandet.

Utsikt frå Bakkanosi (1398 moh) ned mot Nærøyfjorden. Det er nok dei færraste turistane som har sett Nærøyfjoden frå denne kanten. Men det anbefallast på det sterkaste!! (Sjølv om det er i overkant luftigt på kanten...). Cruiseskipa ser ikkje særleg stort ut herifrå :)

Eit skikkelig ruskever på tur utover Fjærlandsfjorden skapte heftige skyer over Balestrand.

Om eg hugsar riktigt er det elva som renn frå Ovrisvatnet ned i Målsetevatnet, med Trollapresten i bakgrunn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg inn en kommentar