fredag 30. juli 2010

Topptur - vinjerock

Vinerock er ein rockefestival som føregår ved Jotunheimens forgård her i Vang. Dette er på ein måte "hjartebarnet" til alle vangsjeldningar og dei fleste bidreg på ein eller anna måte. Mitt bidrag i dei fem åra festivalen har halde på, har vøre å vera festivalfotograf. 

I år vart eg sendt ut for å dekke to toppturar, Uranostind (2157 moh) og Austre Torfinnstind (2119 moh), som er nokre av aktivitetane ein kan få med seg på Vinjerock.

Uranostinden var desverre avbrote undervegs, hovudsakleg på grunn av tåke, men trur dei fleste turdeltakarane var såpass blaute at det i grunn var ei grei avgjerdsle. For når fjellføraren vart usikker på kvar me var hen oppå breen, var det like greit å snu.

Stemningsrapporten frå breen rett før me snudde

Turen til Austre Torfinnstind gjekk derimot i mykje betre vér og toppen vart nådd!! Dette var ein forholdsvis luftig tur med mykje klyving/klatring og der lårmusklaturen verkeleg fekk køyrt seg! Turen byrjar på 1060 moh ved fjellvatnet bygdin og går nestne 1100 høgdemeter rett opp til toppen. Ein vinn høgde meter forholdsvis fort når det er så bratt - men mjølkesyra var ikkje langt unna, verken på tur opp eller ned. 


Klyving forbi eit kritisk punkt ganske tidleg i renna me forflytta oss opp over i.

Når ein går opp ei renne med mykje laus stein og forflytninga tiltider skjer ved klyving/lausklatring på små hyller kan det til tider bli svært krevjande å vera fotograf med innslag av høgdeskrekk... Men eg fekk no høkla meg både opp og ned, og det var ein kjempeflott topp med solid utsikt! 




Her gjeld det å halde tunga rett i munnen når ein går/kryp oppover.


Fornøyd gjeng på toppen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar