fredag 11. mai 2012

Hornborga II

Parrende topdykker

Hornborga var og er så vist meir enn berre rasteplass for tusenvis av traner. Hornborgasjöen er eit grunt, oppdemt vatn som er hekke- og rasteplass for blant anna svaner, gjess, ender og dykkarar. Ein skikkelig hotspot for å sjå og oppleve både vanlege og litt meir uvanlege artar. Derfor dreier dagens bilete seg meir nokre av dei andre artane me fekk oppleva i Hornborga :)

Kurtiserande Taffeland hann


Den fantastisk flotte Lappfiskand hannen


Grågås i farta


Hettemåke 


Sivspurv ribber takrør

mandag 7. mai 2012

Tranedans i Hornborgasjöen

Tranedans 

I fleire år no har eg tenkt at eg skulle vore ein tur i Hornborgasjöen og sett på den legendariske tranedansen der. Men på grunn av studier og eksamenstida har det aldri passe særleg godt. Men i år kom eg meg endeleg dit - og dit skal eg garantert attende! For Hornborga skuffa ikkje!
Det var verkeleg ei oppleving som eg bør anbefalla alle med eit snev av naturinteresse å få med seg. Det var kanskje ekstra spesilet i år, ettersom det vart registrert ny rekord i antall traner - 26 500 traner. På ei gong. Det var heilt rått!!


Det var eit enormt syn kvelden når over 20 000 traner trakk ut til overnattingsplassen.

Det litt mindre kjende, men minst like flotte motivet - trane i soloppgang.


Me fekk oppleve det meste av vær. Frå fantastisk flotte solopp- og nedganger til snøstorm.

Trane i farta! Det vart mykje eksperimentering med lengre lukkartider, ettersom dei vanlege fluktbileta fort vart "brukt opp". 99,9% av desse bileta var berre å pælme. Men følte eg var heldig å "traff" på eit par av dei.



Reiste i lag med fyren som står bak www.naturvideofilm.com. Han har lagt ut ein fine video her.