fredag 25. mars 2011

Så gødt å riste seg..

No vart lengselen etter fjellet for stor. I går fylte me bilen og dura oppover te Vang. Her har riktig nok mildver, regn og sterk vind lagt ein betydleg dempar på skiføret, men eg og Lano fekk uss ein tur oppover Heensfjellet frå morgon av medan Elisabeth og Luke vart at heime for å jobbe med masteroppgåva som snart skal leverast inn.

Vinden var litt i surate laget, slik at det freista ikkji all verda å prioritera fotopauser. Men kva er vel meir herlegt inn ein hund med ører og lepper som ristar av seg vind og blest?


onsdag 23. mars 2011

Rådyr til frukost og rådyr kvelds

Den siste veka har me jamnleg hatt besøk av fire rådyr utanfor her me bur. I det me har kika ut av soverommsvindauget om morgonen har dei rusla forbi på jordet her Medan dei trasker over isen i skumringa for å koma seg til naboen og gomle i seg litt av litt havren hans.



Kveldsrådyr


Morgonrådyr

onsdag 9. mars 2011

Hønsehauk

Søndag fekk eg oppleva hønsehauk på nært hald. Kanskje ikkje i den settingen eg helst hadde håpa å få oppleva hønsehauk i, men eg fekk likevel oppleva og studert den så nære som eg sjelden har fått før.


Søndag rundt lunsj, omtrent i det 5-mila sette i gang ringte ei venninne som arbeidar på ein opplevelsesgard ikkje langt her i frå. På den garden har dei blant anna ei fugleinnhegning med høner, påfuglar og fasaner. Og inn i eine fasaninnhegninga hadde ein hønsehauk klart å lure seg inn i eine av fasaninnhegninga og skaffa seg eit enkelt måltid.


Det var ein tydeleg malplasser og stressa hauk som flaug att og fram mellom nettingveggene. Dermed tok me ikkje lange kikken og holdt oss på avstand for å unngå å stresse den meir enn nødvendig.
Det føles ikkje heilt rett å sjå slike vakre fuglar i fangenskap. Men det var likevel ein moglegheit for å få oppleva og studert fuglen under rolege og kontrollerte omgivelser.

Eg kan melde om at hauken etterkvart vart slept ut, og forhåpentlegvis lever den i det fri i beste velgåande.

mandag 7. mars 2011

"Topptur"

Fredags ettermiddag stakk eg litt tidlegare frå kontoret for å stikke på topptur før sola gjekk ned. Eller "topptur" er vel meir dekkande. For Follotraktane er vel knapt noko som kan minne om ein topp (anna enn tretopper), i bestefall kan det etter mi ordbok bli sett på som ein ås, eller ein haug. No er no eg vaksen opp i ei fjellbygd og er vel i overkant bortskjemt med flotte toppar og solide motbakkar. Men i mangel av noko anna, tek ein det ein har.

No når abstinensane etter motbakkar og skiturvart for stor pakka eg sekken og tok med meg bikkjene på tur til ein ås eg har vore på feltkurs på ein gong. Det kan faktisk hende at toppunktet bikker 200 moh. så det er jo ikkje så aller verst..


Uansett kor høg eller lav denne forhøginga i landskapet er, så var den iallefall høg nok til at kveldssola slapp til med sine siste stråler


Det er vel ingenting som er betre middagsmat enn bålgrilla pølser!!


Om ikkje pelsen er optimal finns det ikkje noko som er stort betre enn å krype ned i Fjellduken etter å ha slete seg gjennom djupsnøen.


Bål er fascinerande greier. Utrule kor lenge ein kan bli sitande å berre stirre inn i flammane og la tankane flyte. Dette var ein verkeleg idyllisk måte og avslutte ei strevsam arbeidsveke på!

onsdag 2. mars 2011

I gang igjen

Siste rest av kveldssol på osp ved Kjenn

Dei som kikker innom denne bloggen innimyljo har vel fått med seg att det har vore lite aktivitet her dei siste seks månadane. Men no prøver eg å vera i gang att. Det er ikkje det at eg ikkje har take bilete, men det er berre greit å roe ned med ting innimyljo.

Derfor har det har vorte meir bilete enn tekst dei siste dagane. Sidan det er meir freistande å berre legge ut eit bilete enn to i ny og ned i staden for å setta seg ned og skrive noko vetugt til bileta. Det har vel òg ein samanheng med at dei fleste bileta frå denne perioda stortsett er take i nærleiken av huset, i ledige stunder, utan at noko meir spennandes kan seiast om det :)


tirsdag 1. mars 2011

ikkji lenge att..

våren er i anmarsj.
dagane blir lengre og lysare.
gradestokken er stadig oftare på "riktig" side av null..


...då er det ikkje lenge att før me ser meir te desse krabatane her.