tirsdag 22. desember 2009

Juleferie


Is på Vangsmjøsa

No har eg også endleg fått juleferie. Skal bli gødt å sleppe å verken tenkje på lesing eller skriving av semesteroppgåver ei stund framover!
I Vang er det, som mange andre plassar i landet, temmleg kald om dagen. Dermed gav me blanke i planane om  førjulsjakt på hytta på bestemor.  Litt kjedeleg, ettersom eg hadde sett fram te å få nokre rolege dagar oppå der. Men dæven! Det er no gødt å slappe tå heime også rett innunder jul!



Isformasjon på stein.
Ved fyrste augekast, og ein god del fantasi, minnar denne kanskje litt om Sør-Amerika (?).



Eg og fadern hadde ein liten tur nedved Vansmjøsa i dag for å sjå etter motiv. Temperaturen føre til at ein halvannentimes tur var meir enn nok. Då var det godt å koma seg innatt forran ovnen med hundene for å få att varme og kjensler i fingre og tær. Alle



Fadern knipsa eit bilete av meg medan eg fotograferte is 
- ikkji rart ein blir kald når ein ligg slik på isen


lørdag 12. desember 2009

Desember

Desember er som tidlegare nemnd ein travel månad med mykje fint lys og alt for korte dagar. Heldigvis ser eg at også andre opplevar Desember på same måten. Følgjer med på ein lang rekkje fotoblogger. Blant anna på Kjartan Tranas fotoblogg, der ser eg at han har sett i gang sitt eige desember-prosjekt som blant anna inneberer at han har med seg kameraet sitt over alt til einkvar anledning.

Dette inspirerte meg! No er det riktig nok ikkje dei heilt store motiva  eg opplevar i 100-sona på E6 mellom Ås og Vestby (dette er stortsett den einaste tida på dagen eg opplevar fotolys). Uansett. I dag tok eg med meg fotoutstyret, og nedprioriterte lesesalen nokre timar til fordel for å ligge i den fuktige torvmosen, langsmed ein bekk, mellom Gaarder og Kroer - for å fotografera! 


Dette er kanskje ikkje motiv eg i fyrste rekke assosierar med desember. Men bileta kan kanskje likevel gje assosiasjonar til julepynt med glitter og kuler likevel? Med litt fantasi får det meg til å tenkje på både juletrekuler, glitter og stas.



Men det kan hende at det berre er eg som har så livlig fantasi?

lørdag 5. desember 2009

Kalde dagar



Slutten av november og desember månad er alltid travle dagar som student. Dagane går stortsett med til semesteroppgåver og eksamenslesing, og med kortare dagar blir det altfor lite tid til foto. Onsdag klarte eg å avslutta litt tidlegare på skula for å rekke dei siste solstrålane før sola gjekk ned, det rakk eg sjølvsagt ikkje. I det eg kom heim krøyp sola akkurat ned over grantoppane i vest, så der gjekk planane om stemningsbileta med solnedgang over Kjennstjernet i vasken.

Heldgvis hadde værgudane klart å klemme inn nokre dagar med minusgrader, og det har vore eit kjærkomment lyspunkt, ettersom den siste tida her kan beskrives som temmlig grå og fuktig. Kuldegradar og skyfri himmel førte til at eg fekk med meg ein fin blåtime med fullmåneoppgang før det vart mørkt.

Ellers er det fint å bu i ei hytte i skogkanten. Eg har fått i gang fuglefôringa og har dagleg besøk av kjøttmeis, blåmeis, granmeis, løvmeis, svartmeis, toppmeis, spettmeis og nøtteskrike, i tilegg til ei par gjesteoppptredenar av trekrypar, raudstrupe og gjerdesmett. Så eg satsar på litt fotografering så fort eksamensperioda er over og været vil forholda seg litt mindre fuktigt.
Dei siste kveldane (og morgonane) har det også søtte ei kattugle å hukra i bakom utedoen, så håpar den slår seg ned i nærleiken!



Månen på tur opp



Frossen dam